I ein føderal stat, ein plass i verda, bestemte Utdanningsdepartementet seg for å undervise i grunnskulen om at menneskeslekta er oppdelt i åtskilde rasar.

Sjølv om desse rasane er åtskilde, er det mogleg å pare dei og føde ungar. Men desse ungane vil bli sterile, som med ungane til eit esel og ei hoppe. Dette er grunnen til at føderal statistikk inkluderer kvite, svarte osb., men ikkje blandingsrasebarn.

Sidan det finst eit implisitt hierarki mellom desse åtskilde rasane, og blandingsrasane diverre ikkje er sterile, blir dei automatisk telde som tilhøyrande den underlegne rasen. Den overlegne rasen må skjermast mot all tilsmussing.

Denne føderale staten var nazi-riket, men det er også USA under Joe Biden og hans utdanningsminister Miguel Cardona.

Vi er vitne til gjenkomsten til den «vitskapelege rasismen» som forårsaka Andre verdskrig og dei 70 millionar drepne. Men det verkar ikkje som om nokon er klare over faren, og mange trur at Demokratane i USA er førebilete for openheit mot andre.

Lat oss minnast at rasismen på 1930-talet hadde alle vitskapens feller. Den vart forska på i mange vitskapelege institutt og undervist i på universitet både i USA og Vest-Europa. For å bevare herrerasen, hadde mange «moderne» statar før Første verdskrig lagt ned forbod mot blandingsraseekteskap.

Rasisme er politisk verken høgre eller venstre

I den kollektive førestillinga kan rasisme berre utvikle seg innan høgrevridde nasjonalistiske sirklar. Dette er absolutt feil.

Til dømes okkuperte Frankrike på slutten av Første verdskrig kolregionen Ruhr militært. Blant troppane var afrikanarar frå Senegal og Madagaskar i to år. Snart utvikla det seg protestrørsler i Tyskland, Storbritannia, USA og Canada som fordømde vanæra til franskmennene, som plasserte 20 000 svarte til å dominere dei tyske, kvite og valdta kvinnene deira. Denne rasistiske rørsla var leidd av den fremste antirasistiske figuren på byrjinga av hundreåret, E. D. Morel [1], og samla alle dei internasjonale feministorganisasjonane i store demonstrasjonar [2].

I Frankrike sjølv gjekk sosialistar med i denne rasistiske rørsla, inkludert sonesonen til Karl Marx, Jean Longuet, som var journalist i avisa L’Humanité og komande leiar for Sosialistpartiet SFIO.

Det må innrømmast at folk følger sine impulsar under problemfylte tider som mellomkrigstida eller den vi no lever under, same kva for idear som ligg bak. Dei er ofte i total motsetning til seg sjølve, og skjøner det ikkje.

Slaveriet og den rasistiske fortida til Demokratane i USA

I USA vart slaveriet og rasismen for det meste forsvart av Demokratane, mot Republikanarane.

 Programma til Det demokratiske partiet i åra 1840, 1844, 1848, 1852 og 1856 hevda at abolisjonismen [som ville avskaffe slaveriet, mrk.] reduserte lykka til folket og sette stabiliteten og varigheita til Unionen i fare.
 Programmet i 1856 erklærte at medlemsstatane av Unionen kunne velje sjølv om dei ville praktisere slaveri eller ikkje, eller skrive det inn i grunnlovene sine.
 Programmet i 1860 kallar abolisjoniststatane som nekta å arrestere rømde slavar for nedbrytande og revolusjonære.
 Det 14. grunnlovstillegget, som garanterte fullt statsborgarskap til frigivne slavar, gjekk igjennom i 1868 med røystene til 94% av Republikanar-lovgivarane og 0% av Demokratane.
 Det 15. grunnlovstillegget, som garanterte frigivne slavar retten til å røyste, vart innført i 1870 med røystefordeling 100% frå Det republikanske partiet og 0% frå Det demokratiske partiet.
 I 1902 fekk Det demokratiske partiet igjennom ei lov i Virginia som fjerna røysteretten for 90% av afroamerikanarane.
 President Woodrow Wilson innførte rasesegregering for føderalt tilsette, og gjorde det obligatorisk å legge foto ved alle jobbsøknadar.
 The 1924 Demokratane sitt landsmøte i 1924 ved Madison Square Garden i New York City fekk tilnamnet "Klan-Bake" på grunn av innverknaden til Ku Klux Klan i partiet.

Ting endra seg eigentleg ikkje før i 1964, då president Lyndon Johnson, rett etter Kennedy’ane sine forsøk, skreiv under på Borgarettslova. Dette var ei smertefull vending, då Demokratiske lovgivarar hadde greidd å blokkere lova i 75 dagar.

"1619-prosjektet"

Biden-administrasjonen kallar seg antirasistisk, og ingen tvilar på at det er i god tru. Men den er det på same måten som Det demokratiske partiet var det i åra 1840-1961. Altså ikkje i det heile, i praksis. Tvert imot.

Avgjerdene dei tar i utdanningsspørsmål, er utforma for å promotere ideologien til «1619-prosjektet». Ifølge denne ideologien vart ikkje USA grunnlagt med Uavhengigheitskrigen mot det britiske kongehuset, men meir enn to hundreår tidlegare, i 1619, med ideen om å slavebinde svarte.

«1619-prosjektet» vart sidan 2019 prega av ei rekke bilag og dedikerte artiklar i New York Times. Med dét har dagsavisa gått frå å prøve å fortelje sanninga til å bli eit propagandaverkty for ideologien til Puritanarane. Ifølge NY Times skal Amerikas urinnbyggarar ha vore slavehandlarar, på same sett som europearane. Men spanjolane frigjorde dei indianske slavane som hadde rømt frå sine herrar på det vilkåret at dei konverterte til den sanne trua, katolisismen. Dei europeiske koloniane i Amerika utvikla seg først etter at dei svarte slavane kom til territoriet til det noverande USA, i 1619. Uavhengigheitskrigen handla ikkje om motstanden mot den urettvise skattlegginga til det bitiske kongehuset, men om å bevare slavesystemet. Det er derfor USA er systemisk rasistisk. Det er kvar kvite mann si plikt å skjøne kor upassande privilegert han er og rette opp att brotsverka til det kvite patriarkatet.

Denne teorien har ikkje oppstått frå historia [3]. Den miksar slaveri og rasisme (til dømes gjorde dei innfødde indianarane slavar av fiendane sine, men dei var ikkje rasistar). Den ignorerer kvite slavar (blant dei første slavane i nord-Amerika var det straffedømde engelskmenn). Den foraktar kolonistane si frigjering frå England. Og sist, men ikkje minst, det var ikkje USA, men portugisarane, som bragte slaveriet til kolonistane og dreiv med slavehandel. Dessutan er denne teorien amerikansk-sentrisk, og ignorerer slaveriet til svarte og deira systematiske kastrering av arabarar i tusen år.

Denne teorien er religiøs. Den tar myten om arvesynda, som den omdannar og brukar til å hevde at alle kvite menn er ansvarlege. Som ikonoklastane, puritanarane og wahhabistane, øydelegg supporterane av denne teorien dei ureine representasjonane av dei som har synda, først og fremst sørstatsgeneralane.

Kvar løgn føder ei ny løgn. Sørstatane forsvarte ikkje slaveriet (som dei avskaffa før borgarkrigen tok slutt), men retten til kvar einskilde konføderasjonsstat til å ha sine eigne skikkar.

Tilhengarane av «1619-prosjektet» gjorde akkurat dei tinga dei sa dei kjempa imot: menn var ikkje lenger skuldige på grunn av noko dei hadde gjort, men fødd skuldige ved arv.

Joe Biden si institusjonalisering av rasisme

Då Biden-administrasjonens utdanningsminister, Miguel Cardona, bestemde at dei skulle promotere «1619-prosjektet» i grunnskulen, førte det til landsomfattande protestar.

Den mest interessante reaksjonen fann stad i Oklahoma. Dei folkevalde i delstaten godkjende eit lovforslag som straks vart signert av guvernøren, Kevin Stitt. Stitt er Cherokee-indianar og Jacksonianar, som Donald Trump [4]. Denne lova, HB 1775 (last ned lovteksten på botnen av denne sida), forbyr følgande åtte påstandar i undervisninga:


 1. ein rase eller eitt kjønn er ved arv overlegent andre rasar eller kjønn.
 2. eit individ er, på grunn av sin rase eller sitt kjønn, ibuande rasistisk, sexistisk eller undertrykkande, medvite eller umedvite.
 3. ein person bør diskriminerast eller forskjellsbehandlast utelukkande eller delvis på grunn av sin rase eller sitt kjønn.
 4. Medlemmar av ein rase eller eit kjønn kan ikkje og bør ikkje prøve å behandle andre utan omsyn til rasen eller kjønnet deira.
 5. den moralske karakteren til eit individ er nødvendigvis bestemt av hans eller hennar rase eller kjønn.
 6. eit individ har, på grunn av sin rase eller sitt kjønn, medansvar for gjerningane til andre medlemmar av same rase eller kjønn.
 7. eit individ bør kjenne ubehag, skuld, frykt eller andre former for psykologisk stress på grunn av sin rase eller sitt kjønn.
 8. meritokrati eller trekk som streng arbeidsmoral er rasistiske eller sexistiske eller har blitt skapt av medlemmar av éin rase for å undertrykke medlemmar av ein annan rase.

Lova som forbyr undervisning av alle delar av desse åtte framlegga i Oklahoma-skulane vart klubba igjennom med 100% av røystene til dei Republikanske lovgivarane og 0% av dei Demokratiske.

Vi må måle konsekvensane av «1619-prosjekt»-ideologien som Det demokratiske partiet og Biden-administrasjonen vil innføre i ikkje berre USA, men over heile verda. Det kan berre føre til massiv vald.

Oversettelse
Monica Sortland

titre documents joints

[1E.D. Morel avviste den belgiske kongen, Leopold II, si grufulle handsaming av kongolesarane.

[2“Black Horror on the Rhine”: Idealism, Pacifism, and Racism in Feminism and the Left in the Aftermath of the First World War, Peter Campbell, Histoire sociale/Social history, Volume 47, Number 94, Juin/June 2014. DOI: https://doi.org/10.1353/his.2014.0034.

[3The New York Times’ 1619 Project: A racialist falsification of American and world history, Niles Niemuth & Tom Mackaman & David North, World Socialist Web Site (2020). 1620: A Critical Response to the 1619 Project, Peter W. Wood, Encounter Books (2020).

[4Demokratisk historieskrivning held president Jackson ansvarleg for folkemordet på Cherokee-indianarane på «Tåre-sporet». Dette er openbert ikkje meininga til cherokeen Kevin Stitt.