Etter president Volodymyr Zelensky sin tur til Washington i midten av desember, bestemde angla-amerikanarane seg for å endre strategien sin i Ukraina etter den mislykka «motoffensiven». Den ukrainske hæren har no seriøse logistikkproblem, fordi den er utstyrt på ein heterogen måte med donasjonar frå dei allierte, og ikkje ved å sjølv skaffe seg eit eige arsenal på koherent måte. I tillegg har den seriøse bemanningsproblem. Den greier ikkje lenger mobilisere, og mange av soldatane der no er gamle og sjuke. Framfor alt lir den av alvorleg mangel på trening. Soldatane har kanskje fått noko kamptrening, men dei kan ikkje det mest grunnleggande om soldatyrket. Den russiske hæren, derimot, har ei ugjennomtrengeleg forsvarslinje og nye våpen som lar den angripe utanfor denne linja og, framfor alt, forstyrre NATOs kommunikasjon og kommandoar. I tillegg stør Russland seg på ein våpenindustri utan sidestykke og ein blomstrande økonomi.

Under slike tilhøve laut anglo-amerikanarane gi opp håpet om å ta tilbake dei tapte territoria. Dei må difor fokusere på å halde på territoriet dei no har (inkludert førebu seg på eit russisk angrep på Odessa) og pense over på sabotasje-aksjonar inne i Russland.

Ukrainas president Volodymyr Zelensky vitja Washington den 11. og 12. januar, men greidde ikkje å overtyde Kongressen om å røyste for nye subsidiar til Ukraina. Republikanarane trur han har tapt krigen, og at å investere i landet hans er sløsing med pengane.

Straks endra anglo-amerikanarane strategi. USAs utanriksdepartement har derfor henvendt seg til EU for å kompensere for tapte amerikanske donasjonar, medan Pentagon har utvikla ein «Athensk formel» for å levere våpen indirekte (sjå nyheitsbrev nr. 0351).

Storbritannias statsminister Rishi Sunak drog til Kiev og talte i Verkhovna Rada (parlamentet) den 12. januar. Han signerte ein ny sikkerheitsavtale for dei neste 10 åra og kunngjorde ein auke i dei militære middela til Ukraina for kjøp av luft- og sjøbaserte dronar. Han kunngjorde at London startar ein langvarig krig mot Russland, Iran og Nord-Korea.

Statssekretær for utanrikssaker, Victoria Nuland, hasta i veg til Kiev denne veka for å løyse den militære og politiske krisa. Ho gav ein improvisert pressekonferanse, og ingen foto frå intervjua hennar har blitt publiserte.

Øvstkommanderande for Ukrainas væpna styrkar, general Valery Zaluzhnyi, som Volodymyr Zelensky ser på som ein rival, har gått med på å gå av og bli ambassadør i London. Han vart faktisk halden ansvarleg for fiaskoen til «motoffensiven» som alle hadde vore einige om. Men før avreisa, publiserte han ein kronikk på CNNs nettstad som slo fast at krigen ikkje kan vinnast på konvensjonell måte, men lyt tilpasse seg Russlands nye våpen, særleg dronane og det elektroniske utstyret til forstyrring av kommunikasjon og sletting av ordrar.

Men president Volodymyr Zelensky talte på TV. Han kunngjorde ei omfattande omorganisering av dei væpna styrkane og av regjeringa si, utan å spesifisere nærare kva som skal skje.

EUs High Representative for Foreign Affairs and Security Policy Josep Borrell rusa likeeins avgarde til Kiev. Han bad om opplysningar om endringane i dei militære krava som føge av den nye strategien, og han forsikra den ukrainske presidenten om at EU ville ville forsyne han med ein million granatar i løpet av 2024. Dei ulike europeiske organa har blitt samde om ein støttepakke på 50 milliardar euro (€33 milliardar i lån og €17 milliardar i form av tilskot) for dei neste tre åra. Dette er openbert langt ifrå nok til å kompensere for USAs donasjonar.

Frankrikes president Emmanuel Macron er venta å besøke Kiev snart og avsløre hans lands rolle i den anglo-amerikanske strategien.

Denne artikkelen ligg bak betalingsmur i "Voltaire, international newsletter", n°73. Abonnement kostar: 150€ per år eller 15€ per månad.

Oversettelse
Monica Sortland