Den forventa gjengjeldsaksjonen frå Iran vart varsla 72 timar på førehand, og til og med kalibrert, ifølge Financial Times, av frykt for at oljeprisane skulle fyke i veret.

Larry Johnson, ein tidlegare CIA-agent, merka seg at trass i at Vesten briska seg med at Iran hadde mislykkast – songen til Vestens lakeiar med sine multimedium som stort sett er kontrollerte av «Israel-lobbyen» – gjennomførte Iran nøyaktig det dei hadde planlagt å gjere i Israel, og demonstrerte ein utmerkt sofistikert kapasitet med bruk av manøvrerbare stridshovud . [1].

Israels mest populære avis, Yediot Aharonot, slakta Israels strategiske fiasko, medan The Washington Times kritiserte Biden-administrasjonens manglande evne til å avskrekke og «hindre konflikt mellom Iran og Israel [2].

Hayman Tamir, direktør for den israelske tankesmia Institute for National Security Studies (INSS), sa at Iran greidde å påføre Israel skade utan at USA engasjerte seg i eit motsangrep – noko statsminister Netanyahu ville ha ønska [3].

Ilya Tsukanov frå Sputnik – ein mediekanal frå Russland, som saman med Kina er ei av to supermakter med omsyn til hypersoniske missil – rapporterer at iranske multimedium har stadfesta bruken av udetekterbare hypersoniske missil.

Den iranske kanalen PressTV viste, støtta av video, at alle dei hypersoniske missila som var brukt, råka nøyaktig der dei skulle: nemleg den særs viktige strategiske flybasen i Nevatim, der F-35-flya er, og den i Ramon, som er plassert veldig nær det hemmelege atomkraftverket i Dimona [4].

Vidare hevdar PressTV at Iran er blant eitt av få land som har teknologien som skal til for å produsere hypersoniske missil som kan flyge utruleg raskt og råke måla sine med høg presisjon [5].

Ifølge andre iranske kjelder, råka Irans hypersoniske missil (Fattah 2) ein hemmeleg Mossad-militærbase på dei syriske Golan-høgdene – som tilhøyrer Syria og vart annektert av Israel – som skal ha kosta 44 (sic) spionar livet. Og at dei til og med råka eit Mossad-bygg i Tel Aviv.

Utanfor propagandakrigen som er dominert av «Israelslobbyen» i Vesten, som hyllar Israels styrke – støtta av USA, Storbritannia, Frankrike og til og med Jordan – for at dei øydela 99% (sic) av Irans flåte av dronar/kryssarmissil/ballistiske missil, hevdar eks-etterretningsoffiseren i US Marine Scott Ritter – som avslørte Baby Bush sitt tøv om Saddam Hussein’s ikkje-eksisterande masseøydeleggingsvåpen – at «Iran har reetablert avskrekking» (eng. deterrence, frå lat. deterrere, å fråråde ved hjelp av terror) for å heretter halde Israel og USA i sjakk, medan Israel trudde dei kunne starte eit angrep på Iran utan å måtte ta konsekvensane av det. Dette har no blitt oppnådd, sjølv om Iran med hensikt valde å ikkje ty til overdriven vald med dødeleg utgang [6]. Det var ei avskrekkingsmelding, ikkje eit angrep!

Den vidkjende militæranalytikaren Andrey Martyanov [7] forklarte at Israel var ein papirtiger i møte med den enorme strategiske triumfen til Iran, som no er hovudleiaren for verdas 1,8 milliardar muslimar. Men eg vil likevel dempe det litt ned, fordi Iran ikkje har atomvåpen – sjølv om Israel støtt påstår det motsette – medan Israel har meir enn 300 hemmelege atombomber på lager i Dimona (ifølge eks-president Carter).

Den 14. april vakna Midtausten opp til ein ny geopolitisk faktor, med eit Iran som avfyrte ni hypersoniske missil dei hadde halde hemmeleg, samtidig som dei enno ikkje har tatt i bruk heile sitt teknologisk avanserte arsenal.

Iran held i reserve sitt eigentlege, økonomiske, våpen: stenginga av Hormuz-sundet, som kan forårsake ei global krise ved å utløyse ein ukontrollerbar auke i oljeprisane.

Medan Israel tygg på mantraet «auge for auge, tann for tann», fryktar oberst Douglas McGregor at statsminister Netanyahu vil fyre av sine atombomber mot Iran [8].

Oversettelse
Monica Sortland
Kilde
La Jornada (Mexique) ">La Jornada (Mexique)

[1«Despite Western Insistence that Iran Failed, Iran Did What It Planned to Do in Israel», Larry Johnson, A son of a new american revolution, April 15, 2024.

[3«US, ’Israel’ failed to stop Iran from attacking: INSS», Al-Mayadeen, April 14, 2024.

[5«¿Cómo Responderá Israel? ¿Usará sus Clandestinas 300 Bombas Nucleares?», Alfredo Jalife, YouTube, 16 de abril de 2024.

[7«Broken Arrow», SmoothieX12, YouTube, April 16, 2024.

[8«Col. Douglas Macgregor : Will Israel Go Nuclear?», Judge Napolitano, YouTube, April 17, 2024.