Ufficio Stampa Presidenza della Repubblica

På slutten av Andre verdskrig pønska Winston Churchill ut eit system som skulle sikre at vest-Europa ikkje fall i hendene på Sovjetsunionen, og at dei skulle behalde kontrollen. Tanken var å danne ein felles europeisk marknad med dei øydelagde landa som aksepterte Marshall-planen [1].

USA og Storbritannia gjekk saman framover. På nokre år la dei grunnlaget for verda vår: NATO er ein militær alliande dominert av dei, medan det som vart EU er den sivile organisasjonen til deira allierte. Sjølvsagt er ikkje nødvendigvis medlemmar av den eine institusjonen også medlemmar av den andre, men faktum er at, med sine hovudsete i Brussel er dei to sider av same sak. Dei felles tenestene til dei to strukturane er diskret installert i Luxemburg.

Etter krisa mellom Washington og London under Suez-ekspedisjonen, beslutta Storbritannia, som mista stadig meir av imperiet sitt, at dei skulle gå inn i det som enno ikkje var EU. Om Harold Macmillan feila i 1958, så greidde Edward Heath å lykkast i 1973. Men då maktbalansen endra seg, gjekk Storbritannia på slutten av 2020 ut av EU og tilbake til sitt tidlegare imperium (’Globale Britannia’).

Alle EU-dokument er omsette til kvart av dei offisielle språka til medlemslanda. Pluss engelsk, som har blitt EU sitt offisielle språk, sjølv om det ikkje lenger er det offisielle språket til nokon av medlemslanda. Grunnen er ikkje at britane var ein del av unionen, men at unionen er under tommelen til NATO, slik det er slått fast i paragraf 42(7) av Lisboa-traktaten (som med makt erstatta Forfatningstraktaten som folket avviste) [2].

Tyskland, som vart okkupert av dei fire sigersherrane i Andre verdskrig, har alltid vore nøgd med å ikkje lenger vere ei militærmakt, dvs. heilt fram til 1990 og gjenforeininga. Sjølv i dag er landets hemmelege tenester, omorganiserte av USA med tidlegare Nazi-personell, framleis fullstendig via til dei, medan Pentagon har svært viktige militærbasar der med fiktiv ekstraterritorialitet.

Frankrike, på den andre sida, drøymer om militær uavhengigheit. Det var derfor Charles De Gaulle, som var leiaren for Frie Frankrike under Andre verdskrig, fekk landet ut av NATOs integrerte kommando i 1966. Men Nicolas Sarkozy, som under tenåra vart oppdratt av sonen til mannen som grunnla NATO sitt Stay-behind-nettverk («Gladio»), fekk gjeninnført det. I dag er difor til sjuande og sist den franske hæren sine eksterne operasjonar i praksis under US-amerikanske offiserar sin kommando.

I årevis tok Tyskland og Frankrike leiinga i det som vart EU. François Mitterrand og Helmut Kohl såg føre seg å transformere fellesmarknaden til ein overnasjonal stat – framlelis ein vasall under USA – i stand til å konkurrere med SSSR og Kina: Den europeiske unionen, EU. Denne strukturen, som USA kravde at dei tidlegare medlemmane av Warszawa-pakta skulle gå med i samtidig som dei gjekk med i NATO, utvikla seg til eit kolossalt byråkrati. Tvert imot slik det ser ut, så er ikkje rådet for stats- og regjeringssjefar noka overregjering, men eit kammer for registrering av NATO sine avgjerder. Desse avgjerdene blir teikna opp av Atlanterhavsalliansen – alltid dominert av USA og Storbritannia – og deretter levert vidare til EU-kommisjonen, lagt fram for Parlamentet og til slutt ratifisert av Rådet.

Det er viktig å forstå at NATO sitt kall er å involvere seg overalt: frå samansetninga av sjokolade (det ligg ei sjokoladeplate i rasjonen til ein soldat) til konstruksjon av bruer (dei må kunne brukast av pansra farkostar) eller bankoverføringar (fienden sine transaksjonar må overvakast).

Dei britiske og franske armeane var dei einaste to som hadde litt tyngd i EU. Dei kom nærare kvarandre med Lancaster House-traktatane i 2010. Men då Brexit skjedde, stod Frankrike på nytt aleine, noko som viste seg med termineringa av den fransk-australske ubåt-avtalen til fordel for London. Det einaste alternativet som var att for Frankrike, var å søke seg nærare den italienske armeen, som var berre halvparten så stor som den franske. Det var denne avgjerda som nyleg vart tatt med Quirinal-avtalen (2021). Denne operasjonen vart letta av den felles ideologien til Emmanuel Macron (tidlegare bankmann i Rothschild) og Mario Draghi (tidlegare bankmann i Goldman Sachs) og deira felles leiarskap om den politiske responsen på Covid-epidemien. I forbifarten kan ein merke seg den usannsynleg politisk korrekte sjargongen som dokumentet er skrive i, svært langt unna dei latinske tradisjonane [3].

Samtidig tar Olaf Scholtz over for Angela Merkel som kansler. Han interesserer seg ikkje for militære saker eller dei franske og italienske budsjettunderskota. I koalisjonsavtalen til regjeringa hans [4] er den tyske utanrikspolitikken på alle måtar heilt i tråd med den anglo-saksiske (USA + UK).

Angela Merkel si regjering kjempa mot antisemittisme. Scholtz-regjeringa tar det eit steg lenger, då dei forpliktar seg til å støtte «alle initiativ som fremjar jødisk liv og mangfald». Det handlar ikkje lenger om å verne ei minoritetsgruppe, men om å fremje den.

Når det gjeld Israel, som Storbritannia og USA skapte etter imperialistisk logikk [5], så slår den nye avtalen også fast at «Israel sin tryggleik er av nasjonal interesse» for Tyskland, og det blir lova å blokkere «antisemittiske forsøk på fordømming av Israel, inkludert i FN». Den erklærer at Tyskland skal halde fram med å støtte to-statsløysinga i Israel/Palestina-konflikten (dvs. gå imot prinsippet om «éin mann, éi stemme») og ønske velkomen ei normalisering av relasjonane mellom Israel og dei arabiske landa. Med dét gravlegg Scholtz-regjeringa den tradisjonelle politikken til SPD; partiet sin utanriksminister Sigmar Gabriel (2013-18) kalla det israelske regimet ’apartheid’.

Olaf Schotz er ein advokat som prøver å få industrien i landet sitt til å fungere på basis av eit kompromiss mellom arbeidarar og arbeidsgivarar. Han har aldri vore overdrive aktiv innan internasjonale spørsmål. Han har utnemnd den grøne advokaten Annalena Baerbock til utanriksminister. Ho er ikkje berre ein forkjempar for låg-karbon-energi, men også ein påverknadsagent for NATO. Ho støttar sterkt at Ukraina skal bli medlem i NATO og EU. Ho er imot Russland og derfor imot røyrleidninga Nord Stream 2, og ho snakkar varmt for prosjektet med gassterminalar, for å importere gass frå USA med LNG-tankskip, trass i at prisen for desse fasilitetane er heilt ublu. Dessutan kallar ho Kina for ein «systemisk rival» og støttar alle separatistane i landet, taiwanesarar, tibetanarar og iugurar.

Ein kan føreseie at politikken til Berlin og Paris sakte vil drive i kvar si retning fram til konflikten mellom dei to landa, som forårsaka tre krigar mellom 1870 og 1945, atter kjem opp til overflata. I motsetning til det dei reklamerte med, som nemnd over, vart ikkje EU danna for å sikre freden i Vest-Europa, men for å stabilisere befolkninga i den anglo-saksiske leiren under Den kalde krigen. Den fransk-tyske konflikten vart aldri løyst. EU har langt ifrå skapt fred; dei har kosta problemet under teppet, heller enn å løyse det. Under dei jugoslaviske krigane kjempa dei to landa hardt militært: Tyskland støtta Kroatia, medan Frankrike støtta Serbia. Berlin og Paris kom overeins innanfor Unionens grenser, men var i krig med kvarandre utanfor. Spesialistar innan spesialstyrkane veit at der var dødsfall på begge sider.

Ein utanrikspolitikk som fungerer er ein som reflekterer identiteten til eigen nasjon. I dag går Storbritannia og Tyskland framover, stolte over kven dei er; ikkje Frankrike, som er i ei identitetskrise. Emmanuel Macron sa ved starten av sitt mandat at «det finst ingen fransk kultur». Han har sidan endra tone, under press frå folket sitt; talen sin, men ikkje tenkesettet. Frankrike har midla, men veit ikkje lenger kven dei er. Dei følger kimæren ’ein uavhengig europeisk union’ som konkurrerer med USA, medan dei andre 26 medlemmane ikkje ønsker det. Men Tyskland gjer ein feil når dei søker ly under USA sin atomparaply, når denne stormakta har byrja gå i oppløysing.

Det er tydeleg at vi nett har entra oppløysingsfasen til EU. Dette er ein sjanse for alle til å ta tilbake si fulle uavhengigheit. Men det er også, og framfor alt, ei utfordring som raskt kan slå om til eit drama. USA kollapsar, og snart vil ikkje EU ha nokon overherre. Medlemmane vil måtte posisjonere seg i høve til kvarandre. Det er ekstremt viktig at vi byrjar forstå kvarandre – ikkje berre som handelspartnarar, men som partnarar i alle ting. Mislykkast vi i dét, vil det uunngåeleg føre til katastrofe, til storkrig.

Alle har sett at alle medlemmane av EU – unntatt dei britiske, men dei har dratt sin veg – deler felles kulturelle element. Desse elementa har også Russland, som er nærare Unionen enn Storbritannia er. Det er no mogleg å gjenoppbygge Europa som eit nettverk av statar, og ikkje lenger eit sentralisert byråkrati, ved å opne opp for dei som vart kunstig separert bort av anglo-saksarane, så dei kunne sikre sitt herredøme over kontinentet under Den kalde krigen. Det var dette Charles De Gaulle talte om då han, i opposisjon til Winston Churchill, sa at han ønska eit «Europa frå Brest til Vladivostok».

Oversettelse
Monica Sortland

[1The European Union’s Secret History”, by Thierry Meyssan, Translation Anoosha Boralessa, Voltaire Network, 28 June 2004.

[2Paragraf 42(7): «If a Member State is the victim of armed aggression on its territory, the other Member States shall have towards it an obligation of aid and assistance by all the means in their power, in accordance with Article 51 of the United Nations Charter. This shall not prejudice the specific character of the security and defence policy of certain Member States.
Commitments and cooperation in this area shall be consistent with commitments under the North Atlantic Treaty Organisation, which, for those States which are members of it, remains the foundation of their collective defence and the forum for its implementation».

[3« Traité du Quirinal », Réseau Voltaire, 26 novembre 2021.

[4Mehr Fortschritt wagen. Bündnis für Freiheit, Gerechtigkeit und Nachhaltigkeit, Sozialdemokratischen Partei Deutschlands (SPD), Bündnis 90 / Die Grünen und den Freien Demokraten (FDP), 2021.

[5Who is the Enemy?”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 4 August 2014.