Først publisert 11. desember, 2013

I første rekke i begravingsseremonien for Nelson Mandela, som er eit symbol for kampen mot apartheid, vil vi sjå den US-amerikanske presidenten, to tidlegare US-amerikanske presidentar og statsministeren av Storbritannia — med andre ord representantar for dei statane som gav sterkast støtte til apartheid-regimet, spesielt medan Reagan var president (og Mandelas anti-apartheid-organisasjon vart definert som ein terrorist-organisasjon) og Thatcher var i regjering.

David Cameron, den britiske statsministeren, uttrykker i dag sin «ekstraordinære sorg over døden til helten i kampen mot apartheid»; men i 1989, medan Mandela framleis sat i fengsel og Cameron var ei stigande stjerne i det konservative partiet, gjorde han ei reise til Sør-Afrika, organisert og finansiert av selskapet Strategy Network International, ein mektig lobby som motarbeidde sanksjonar mot apartheid-regimet.

Demokraten Bill Clinton vil dra til Sør-Afrika for å sørge over døden til «ein sann venn»; men då han var president fann han på alskens måtar å hindre Mandela (som vart president av Sør-Afrika i 1994) i å reise til Libya då det framleis var under embargo i 1997, og i å invitere Gadhafi til Sør-Afrika i 1999. Dette var Mandela sitt svar: «Ikkje noko land kan kreve rolla som politi og ikkje nokon stat kan diktere ein annan stat kva han skal gjere. Dei som var vener med våre fiendar i går har frekkheita til å seie meg at eg ikkje skal besøke bror min Gadhafi»; dei vil «få oss til å vende ryggen til Libya, som hjelpte oss med å oppnå demokrati».

Republikanaren George Bush vil dra til Sør-Afrika for å sørge over døden til Mandela, «ein stor fridomskjempar»; men då han var president var han arkitekten bak African Commando, eit militært og politisk instrument for å gjenerobre Afrika.

Demokraten Barack Obama, som i begravinga vil gjenta «Eg kan ikkje førestille meg livet mitt utan føredømet Mandela». Dette er den same personen som førte ein krig som øydela Libya — Libya som hjelpte Mandela i hans tøffaste stunder — og styrka African Commando for å, ved hjelp av afrikanske militære elitar (som Pentagon rekrutterer med tilbod om trening, våpen og dollar), bringe så mange land som mogleg innanfor Washington si maktsfære.

Hillary Clinton kjem også til seremonien, som utanriksminister og presidentkandidat. Ho var særleg aktiv i «fremjing av økonomisk vekst» i Afrika. Akkurat som Cameron, Merkel og andre har, har også ho besøkt mange afrikanske land, inkludert Sør-Afrika, saman med sjefar for dei største multinasjonale selskapa. Dei som vil grafse til seg halvparten av Nigeria sin olje, olje for meir enn 30 milliardar dollar i året og såleis er sterkt medverkande til at over halvparten av nigerianarane lever under fattigdomsgrensa. Dei som vil tilrøve seg fruktbare landområde i Afrika og i prosessen drive bort heile samfunn og etterlate seg aukande fattigdom og svolt.

Den franske presidenen, Francois Hollande, som heiste flagg på halv mast, eit symbol på sorg, heidra før reisa Mandela på eit møte med 40 afrikanske leiarar i Paris. På møtet annonserte han at Frankrike, i tillegg til å sende troppar til Afrika, ville utruste 20 000 afrikanske soldatar kvart år. Såleis er dei koloniale troppane fødde på ny.

Desse og andre «store leiarar» av Vesten vil vere til stades i begravinga til Mandela og for heile verda stille ut si personlege sorg over tapet av ein mann som dedikerte livet sitt til kampen mot kolonialisme og apartheid. Alt medan dei prøver å eksportere til Afrika ei ny kolonaltid og eit nytt stort apartheid.

Oversettelse
Monica Sortland
Kilde
Il Manifesto (Italia)