President Emmanuel Macron annonserer oppløysinga av nasjonalforsamlinga.

OPPLØYSINGA AV NASJONALFORSAMLINGA

Oppløysinga av den franske nasjonalforsamlinga, som president Emmanuel Macron kunngjorde etter resultatet av det europeiske valet, kastar Frankrike ut i kaos. Kommentatorar stiller spørsmål ved korfor republikkens president, som er medlem av eit parti som er venta å bli utsletta i valet til lovgivande forsamling, gjer eit slikt sjølvmord. Dei har ikkje noko svar, truleg fordi dei spør feil spørsmål.

Eg, for min del, vurderer hypotesen om at det ikkje var Emmanuel Macron som tok denne avgjerda, men i staden investorane som fekk han plassert i Élysée-palasset. Han er fullstendig verdilaus. Heller då lansere den neste: ein etterfølgar som greier å følge same politikk, men formidla på ny måte. Så snart han har kome til makta, vil han halde fram med den same jobben, til skade for det franske folket.

EU-valet har allereie testa Raphaël Glucksmann. Den tidlegare ektemannen til Eka Zgouladze, innanriksminister under Mikhail Saakashvili (Georgia), deretter viseinnanriksminister under Petro Poroshenko (Ukraina), bur no saman med den fransk-libanesiske journalisten Léa Salamé, som har den armenske gullsmeden Robert Boghossian til bestefar og er dotter av Libanons eks-minister Ghassan Salamé.

Bestemora til Raphaël Glucksmann er filosofen Jeannette Colombel, som vart ven med Jean-Paul Sartre, Michel Foucault og Gilles Deleuze. Raphaël er også sonen til "den nye filosofen" André Glucksmann, som sjølv tidlegare var tilsett ved Freedom House [1].

Han er like russofob som bestemora var etter 1968 og faren. Ifølge "donorane" hans, vil han bli ein god etterfølgar til Emmanuel Macron.

Her må vi hugse på at vi ikkje trur at Emmanuel Macron er ein Rothschild Boy, men eit produkt av Henry Kravis, slik eg skreiv for seks år sidan [2]. Sidan den gong har kona til Henry Kravis blitt president for Bilderberg-gruppa, og vår ven Xavier Niel (CEO for Free), som spelte ei sentral rolle i utnyttinga av data som hjelpte Emmanuel Macron vinne valet [3], no svigerson til Bernard Arnault (LVMH), har blitt utnemnd til administrator for Kravis investeringsfond (KKR).

DET UUNNGÅELEGE KAOS

Perioden framover blir kaotisk. Tre politiske krefter ser ut til å kjempe mot kvarandre, men ingen av dei tilbyr nokon analyse av situasjonen. Frankrike står stille og kjem ingen veg. Det er betre å leve på stønad enn å arbeide for ei lita løn. Statsgjelda hadde stige til 3101 milliardar euro på slutten av 2023, dvs. 110,6% av BNP. Administrasjonane kostar mykje, men leverer tenester av dårleg kvalitet.

Dei væpna styrkane ville ikkje halde ut tre dagar mot Russland. Politiet er overarbeidde i koloniane Ny-Kaledonia og Mayotte [4] og unngår å gå inn i visse nabolag på det franske fastlandet. Rettsvesenet brukar år på å felle dom i kriminalsaker, og fengsla er overfolka, i nokre tilfelle med meir enn 250% [4]. Eit svært stort tal studentar med fleire års høgare utdanning kan lese ein tekst, men ikkje ei bok. Sjukehuspersonale brukar ein tredjedel av tida si på å fylle ut skjema, og har ikkje lenger tid til å sjå etter pasientane sine. Svindel, spesielt forsikrings- og skattesvindel, verkar ha nådd rekordhøge nivå. Narkosalet speler ei så viktig økonomisk rolle (rundt 3 milliardar euro) at det blir rekna med i BNP. Ulikskapen er så stor at nesten 3 millionar franskmenn (4,25% av befolkninga) er dollarmillionærar [5], nesten ein tredjedel av det franske folket lever med mindre enn 100 euro frå den 10. i månaden [6].

Ein kan ikkje sette fingeren på éin spesiell person som har ansvaret for dette katastrofale resultatet. Men ingen har heller gjort noko for å forhindre det. Vi lever i ein overgangsperiode, på veg mot datasamfunnet, der organiseringsprinsippa til industrialderen ikkje lenger fungerer. Det er difor umogleg å styre, sjølv om ein handterer ting godt. Vi lyt finne opp det vi enno ikkje kjenner til.

Politiske parti og fagforbund, organisert i pyramide-stilen til den industrielle modellen, tilbyr berre løysingar som høyrer industritida til, dvs. løysingar utpønska i fortida og er forelda.

Denne situasjonen er ikkje unik for Frankrike, men for alle landa som var vinnarane av den industrielle æraen og, med unntak av Russland, utgjer det "kollektive Vesten". Russland er eit særtilfelle på den måten at dei var ein av desse vinnarane, men kollapsa med oppløysinga av Sovjetunionen og har deretter bygd seg opp att utanfor den gamle modellen. Dei veit heller ikkje kva som vil skje vidare, men er opne for det. Det er kanskje denne særeigenskapen som forklarer den utbreidde russofobien vi no ser.

Vi seier tre krefter: høgrefolka sin union rundt Rassemblement National, dei systemkonservative rundt Emmanuel Macron, og Folkefronten, som førebur ein æra med Glucksmann.

- Høgrekreftene står overfor to kriser: på den eine sida er "Reconquête" splitta mellom grunnleggaren Éric Zemmour og stjernene som rundt Marion Maréchal-Le Pen har alliert seg med "Rassemblent national". På den andre sida "Les Républicains", som er splitta i dei militante med sin president Éric Ciotti, som ønsker unionen, og på den andre sida eliten som nektar. Lagnaden til Républicains er allereie avgjort, fordi Éric Zemmour står aleine, medan "Les Républicains" blir utspelte i retten etter at politbyrået deira ulovleg, under eit diskret frimurarmøte, tok ei agjerd om å ekskludere presidenten sin.

- Emmanuel Macron sin leir, som kallar seg "Ensemble pour la République", kan ikkje stole på gode valresultat – dei vart katastrofale. I staden set dei sin lit i å skape frykt om dei andre. På same vis som dei, har ikkje dei heller noka løysing, men hevdar dei vil bremse landets nedgang.
- "Ny folkefront" bringer saman politiske parti som for ikkje lenge sidan hevda dei var uforeinlege. Frykta for eigen undergang fekk dei til å inngå ein provisorisk avtale. Splittinga kom ikkje mellom partia, men innanfor eitt av dei. Nokre timar etter at kandidatlista var offentleggjort, gjekk fem tidlegare parlamentmedlemmer for "La France insoumise" (LFI) som ikkje stod på lista ut og fordømde diktaturen til partiets grunnleggar. Det er deira måte å sjå det på. Ein kan og merke seg at desse var dei einaste venstrevingsopponentane til Raphaël Glucksmann som nekta å godta at han utan motstand skulle stige opp til leiarposisjon.

Ingen av desse tre koalisjonane føreslår å tilpasse spelets reglar til tidas krav. Alle deira militante, desorienterte, klamrar seg til nokre få idéar som ikkje lenger er i samsvar med tida vi lever i, eller til og med til overbevisningar som dei ikkje deler med fleirtalet av andre borgarar.

På nettstaden sin legg Rassemblent National fram tre saker:
- dei fordømmer ein regjeringsstudie om innsparingar som kan gjerast ved å fjerne indeksering av sosiale stønadar og pensjonar;
- dei fordømmer regjeringas forbod mot israelske selskap på forsvars- og sikkerheitsmessa Eurosatory;
 Til sist kunngjer dei at dei har sendt inn ein klage til EU-domstolen på Europarådet si avgjerd om å distribuere nye immigrantar til medlemsstatar og bøtene som er innførte for å nekte å ta imot desse.

Tre pressemeldingar vart designa for å demonstrere kor interesserte partiet er i å forsvare den franske levestandarden og kjempe mot immigrasjon, så vel som ein subliminal bodskap om at framandfrykta deira no er større enn anti-semittismen til grunnleggarane av partiet.

"Renaissance", Emmanuel Macrons parti, har berre ein kortfatta nettstad. Den uthevar 12 verdiar, inkludert framsteg, territorialt initiativ og feminisme; verdiar som dei vil definere på eit seinare stadium. Det er uklart korleis det skal skapast forsoning, mellom til dømes Europa og nasjonen, eller republikken og sekularismen. Det speler inga rolle; aktivistane treng slagord, ikkje ettertanke.

Dei 12 venstre- eller miljøpartia krangla framleis for ei veke sidan. Men dei greidde å danne ein koalisjon, Den nye folkefronten, på fire dagar. Dei har og signert eit fellesprogram som har livets rett, men er sett ihop i all hast. Kvart parti la til sine føretrekte saker utan at motsetningane vart løyste. Det speler inga rolle; velgarane vil respondere på dei mange slagorda programmet inneheld. Tilfeldigvis har og støtte til Ukraina, mot Russland, blitt godkjent av samtlege.

Dei 12 nettstadane til medlemspartia viser fram deira delte tru på menneskeskapte klimaendring og deira historiske referansar til sosiale kampar, men dei unngår å nemne sin opposisjon mot programma til dei andre koalisjonsmedlemmane. Vi blir overraska over å sjå at ein trotskistisk milits, "La Jeune Garde antifasciste" (JGA), og eit parti som er for uavhengigheit, "Euskal Herria Bai" (EHB), begge skal inkluderast i denne koalisjonen.

Oppdelinga i tre blokker reflekterer elles berre valmenyen, ikkje reelle kløfter. Kvar produserer sine tematiske reklamar, men ingen analyse av sivilisasjonskrisa eller, endå mindre, ei løysing på den. Den identitetsbaserte retorikken som gjenoppstod under valkampen, handla ikkje om nasjonen i møte med Europa eller immigrasjon, men om milestolpane som vil stå att etter dei i framtida.

PROJEKSJON

Det er tydeleg at politiske parti ikkje vil greie å løyse krisa vi no er i, berre plastre eitt og anna sår.

Overgangsperioden blir sannsynlegvis langvarig. Slutten på det gamle regimet, Ancien Régime, og starten på eit samfunn basert på like rettar for alle, tok 92 år, inkludert 10 år med revolusjon. Under denne perioden vart folk svinga hit eller dit meir av sine lidenskapar enn av fornuft. Det er derfor eit presserande behov for akselerert opptrening i politisk vitskap og spreiing av pluralistisk informasjon.

Oversettelse
Monica Sortland

[1Freedom House: when “freedom” is only a pretext”, by Thierry Meyssan, Voltaire Network, 7 September 2004.

[2Who does Emmanuel Macron owe?”, by Thierry Meyssan, Translation Pete Kimberley, Voltaire Network, 11 December 2018.

[3Mindf*ck, Christopher Wylie, Profile Books (2020).

[4The French "Colonial Party" still hasn’t come to terms with the loss of its Empire”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 29 May 2024.