• G7, eit slags eksekutivbyrå for det kollektive Vesten, møttest frå 13. til 15. juni i Italia. Det var venta at dei skulle kunngjere kraftige tiltak til fordel for Ukraina, og mot Russland. Men alle stats- og regjeringssjefane har alvorlege problem med velgarmassane, med unntak av Italias Giorgia Meloni. Sidan G7 ikkje er det det ein gong var, enda dei opp med eit skarve lån på 50 milliardar dollar til Kiev, utan indikasjonar på kven som skal stille det til disposisjon.

Tyskland, Frankrike og Italia reknar med USA, særleg sidan Ungarn tar over presidentsetet i Rådet til Den europeiske unionen den 1. juli, og Budapest er imot denne krigen. EU forventar å bli handlingslamma dei komande seks månadane. Ukraina hadde difor berre nokre få dagar på seg til å få signert ein avtale med EU. Utan å vente, laga Charles Fries, ein høgare fransk tenestemann ved EUs High Representative for Foreign and Security Policy, eit utkast til avtale mellom Brussel og Kiev.

I den endelege erklæringa slår G7 fast: «Vi stadfester igjen vår faste støtte til Ukraina, så lenge det trengst. Saman med våre internasjonale partnarar er vi fast bestemde på å halde fram med å levere militære, budsjettmessige, humanitære og finansielle ressursar til Ukraina og folket der.»

• Så snart G7 var over, hasta medlemmane av garde til Sveits for eit toppmøte om fred i Ukraina, som Russland ikkje var invitert til. Men Vladimir Putin hadde kunngjort Moskva sitt fredsforslag: anerkjenning av folkerøystingane om medlemsskap på Krim, i Donbas og Novorossia (utan Odessa oblast) og avvising av NATO-medlemsskap i byte mot umiddelbart opphøyr av krigshandlingar.

Ukraina og USA hadde invitert 160 statar av dei 192 i FN. Berre 91 hadde gått med på å delta. Men berre 75 gjekk med på å signere den smaklause slutterklæringa.

Sveits, vertslandet for toppmøtet, har annonsert at eit nytt møte skal haldast, men ikkje i Vesten. Det vil bli basert på det kinesisk/brasilianske forslaget, og det vil inkludere Russland.

G7-medlemmane kan rase mot Russland og Kina, men innverknaden til Washington og London på resten av verda har smelta bort som snø i sola.

• Det var i denne skakkøyrde settinga at Israels statsminister Benjamin Netanyahu oppløyste krigskabinettet etter at general Benny Gantz trekte seg frå kriseregjeringa og medan USAs spesialutsending Amos Hochstein var i Tel Aviv.

IDF annonserte straks at dei skulle ta ein taktisk pause kvar dag mellom 8 på morgonen og 7 på kvelden, ein pause som kunne nyttast til å levere og distribuere humanitær bistand.

Då statsminister Benjamin Netanyahu fekk høyre om avgjerda, kalla han den «uakseptabel». Ifølge Washington Post førebur Pentagon å levere 1800 2000-pundsbomber (≈ 900 kg) og 1700 500-pundsbomber (≈ 225 kg).

Israels stabssjef, general Herzi Halevi, som nett har lagt fram for regjeringa si ein plan for å stoppe konflikten i Gaza, deltok i eit hemmeleg møte i Bahrain med sine motpartar frå Saudi-Arabia, Egypt, Bahrain, Dei foreinte arabiske emirata (UAE) og Jordan. Med unntak av Saudi-Arabia, er alle desse statane engasjerte i ein prosess med normalisering av forholdet til Israel. Tel Aviv har plikt til å informere sine militært allierte; difor dette møtet.

General Herzi Halevi informerte sine kollegaar om ein plan om å angripe Libanon den 22. juni, mot eit bakteppe av ikkje stadfesta avsløringar om utviklinga av Iran sitt kjernefysiske militærprogram.

Meir skulle det ikkje til for at rapportar om det hemmelege møtet skulle spreie seg over heile presselandskapet i Midtausten.
Amos Hochstein hasta i veg til Beirut for å unngå katastrofa. Han er USAs koordinator for internasjonale energispørsmål. Det israelsk/libanesiske spørsmålet er difor i prinsippet ikkje innanfor hans felt. Men i tillegg til å vere US-amerikansk statsborgar, vart Hochstein fødd i Israel, han fekk seg israelsk statsborgarskap og gjorde militærteneste der, ein profil like «nøytral» som den til eit toppmøte om fred i Ukraina utan at Russland er til stades. Han bad alle sine samtalepartnarar om å be generalsekretæren for Hizbollah, Hassan Nasrallah, om å presse leiaren for Hamas i Gaza, Yahya Sinwar, til å godta den israelske fredsplanen. Ei fåfengd tilnærming.

Under alle desse hendingane viste Hizbollah fram nokre av sine nye våpen som no endrar maktbalansen i regionen.
• For to veker sidan publiserte dei ein video av øydelegginga av ein del av Iron Dome med eit styrt missil, filma av ein av dronane deira.
• Førre veke tvinga dei eit israelsk fly som hadde kome inn i libanesisk luftrom til å snu. Dei har no også bakke-til-luft anti-luftfarty-missil (cf. 1503).
• Til sist, medan Amos Hochstein snakka med libanesiske offisielle tenestemenn, kringkasta dei 9 minutt med videoopptak, filma av ein skvadron dronar, av Israels hovudmarinebase og hamna i Haifa.

I tillegg filma dei fabrikken til Rafael Advanced Defense Systems Ltd, kjend som RAFAEL, eit hebraisk akronym for "Armaments Development Authority," som lagar komponentar til Iron Dome og allslags anti-luftfartymissil.

Med andre ord, dersom IDF angrip Libanon vil Hizbollah øydelegge Iron Dome, dvs. Israels luftvern. Dei vil klare å få inn ein skur av rakettar og missil mot fienden. Hamas vil også klare å gjenoppta rakettutskytingane, som denne gongen ikkje lenger vil bli avskorne og dermed nå måla sine. Ansar Allah har stadfesta at dei samtidig vil fyre av ballistiske missil mot Israel, og irakisk sjiitt-milits har også stadfesta at dei vil slutte seg til krigen.

Den 18. juni godkjende og støtta kommandanten til IDFs nordre militærsone, general Oded Basiuk, «operasjonelle planar for ein offensiv i Libanon."

I ein høgtideleg tale den 19. juni åtvara Hassan Nasrallah Israel og Kypros. «Vent oss til lands, til sjøs og i lufta (...) Det som ventar Israel i Middelhavet, vil bli i ein massiv skala,» sa han. Og vidare: «Å opne kypriotiske lufthamner og basar for den israelske fienden, for angrep mot Libanon, ville bety at den kypriotiske regjeringa er ein stridande part.» Men Kypros er medlem av EU, og Storbritannia har to militærbasar der, og flya og båtane der spionerer på Gaza.

Framfor alt hinta han om ei mogleg overføring av sofistikerte russiske våpen til hæren sin: «Vi har så langt berre brukt nokre av våpena våre, og vi har skaffa nye våpen som vi enno ikkje vil avsløre; det vil bli openlyst på slagmarka.»

Viss Israel angrip Iran, så vil Teheran bruke sine hypersoniske missil mot Tel Aviv. Dei viste den 14. april at ingen, ikkje ein gong Vestens hærstyrkar, hadde kapasiteten til å avskjere dei.

Kunngjeringa om det israelske angrepet på Libanon er sannsynlegvis berre noko statsminister Benjamin Netanyahu seier for å legge press på Washington. Israel vil sannsynlegvis ikkje gjere sjølvmord, sjølv om Netanyahu er sonen til Benzion Netanyahu, privatsekretæren til fascisten Vladimir Jabotinsky. Han håpar sannsynlegvis at Biden-administrasjonen vil kome Israel til unnsetning og akseptere den etniske utreinskinga deira av palestinarar.

Uansett kva neste steg blir, så har Vesten allereie mista auraen sin og makta si over resten av verda.

Etter fem hundreår med Vestens dominans, går no verda over i ein ny æra.

This is the editorial from our paywalled "Voltaire, international newsletter", n°92. For more information, do not hesitate to subscribe: 150€ per year or [15€ per month->https://buy.stripe.com/5kAcP05eeeZQ3Qc7sJ.

Oversettelse
Monica Sortland