I Frankrike og i EU blir statane sin plass og sitt ansvar gradvis stilt fleire spørsmål vel. Utan at dei europeiske traktatane har blitt endra, har mange av medlemsstatane sine fullmakter blitt diskret overførte til EU-kommisjonen oppigjennom dei siste fem åra.

100 franc-setelen, trykt opp av USA og sett i sirkulasjon av Den allierte militærregjeringa for okkuperte territorium (Allied Military Government of Occupied Territories, AMGOT). Washington og London ville ta over for nazistane i okkupasjonen av Frankrike.

Europakommisjonens opphav

La oss først hugse på at EU er resultatet av ein prosess som anglosaksarane tenkte ut på slutten av 1942. Admiral William Leahy, stabssjef for USAs væpna styrkar og tidlegare ambassadør til Vichy (nazi-kollaboratørregimet i okkuperte Frankrike) fram til mai 1942, grunnla i Algerie ei Alliert militærregjering for okkuperte territorium (AMGOT) for Frankrike, leidd av admiral François Darlan og deretter av general Henri Girault. Han brukte Vichy-regimets lovverk, men anerkjende ikkje autoriteten til Charles De Gaulle i London.

Charles De Gaulle, som meinte at britane og amerikanarane ikkje hadde noko meir rett enn nazistane til å okkupere landet hans, opponerte fast mot det (derav motstanden hans mot landgangen i Normandie [1]). Så denne regjeringa kunne berre omfatte Tyskland, Austerrike og Japan, og ikkje Noreg, Belgia, Nederland, Luxembourg, Danmark og Frankrike, slik dei hadde planlagd.

Med dette tilbakeslaget, søkte anglosaksarane etter ei styreform som kunne gi dei kontrollen over heile verda, overeinsstemmande med den felles viljen dei hadde gitt uttrykk for ved Atlanterhavskonferansen.

På slutten av Andre verdskrig delte USA og Storbritannia verda opp mellom seg. Churchill ville føre saman vest-Tyskland, Belgia, Frankrike, Italia, Luxembourg og Nederland i ein overnasjonal organisasjon, Det europeiske økonomiske fellesskapet (European Economic Community, EEC). Denne skulle erstatte AMGOT (som framleis bestod i Tyskland og Italia) for å implementere prinsippet om at folk (arbeidskraft), tenester og kapital skulle kunne røre seg fritt, overeinsstemmande med den anglosaksiske strategien om frihandel. USA knytte som vilkår for Marshallplan-lån at desse landa slutta seg til EEC.

Britiske MI6 grunnla European League for European Cooperation (ELEC), medan CIA finansierte Union of European Federalists (UEF) og grunnla American Committee on United Europe (ACUE).

Den første presidenten til EECs High Authority, altså forgjengaren til EUs Europakommisjon, var tyskaren Walter Hallstein (1958-1967). Denne nazi-juristen hadde designa Neuordnung Europas (Ny europeisk orden) for der Führer Adolf Hitler: den handla om å erstatte nasjonalstatar med regionale etniske strukturar, å utvide das Reich til alle tysk-språklege folk og å skape Lebensraum ved å utrydde urinnvånarane i desse områda. Walter Hallstein, som berre skulle styre ein del av Europa for angelsaksarane, trengde ikkje ta stilling til spørsmåla om Tysklands ekspansjon eller om fordriving eller utrydding av slaviske folk. For å vere på den sikre sida, nøytraliserte anglosaksarane han ved å fjerne regionaliseringspolitikken frå hans ansvarsområde og flytte den til Europarådet.

Oppigjennom historia var High Authority og, seinare, Europakommisjonen berre sivile grensesnitt mellom NATO (som erstatta AMGOT) og medlemsstatane. Dei første tenestemennene der kom frå AMGOT i Tyskland og Italia. Under krigen hadde dei fått opplæring i sivil-militære saker ved eit dusin US-amerikanske universitet.

Desse (ikkje-valde) administratorane har makta til å lage reglar i EU-området i staden for det (folkevalde) EU-parlamentet. Dette punktet er ekstremt viktig: High Authority, seinare Europakommisjonen, har ingen andre føremål enn å flytte alle NATO-normene over til lover for medlemslanda. EU-parlamentet er berre eit kammer som avgjerdene til den anglosaksiske imperialismen blir overførte til.

I dag har Kommisjonen innført standardar for produksjon av sjokolade (som er nøyaktig like dei som NATO sette for sjokoladeplatene i soldatane sine rasjonar) og for konstruksjonen av visse vegar (for at dei skal kunne brukast av NATO-stridsvognene til alliansen).

Ursula van der Leyen har greidd å auke makta til Kommisjonen på bekostning av medlemslanda utan å endre på noko i EUs avtalar. Administrasjonen hennar kan no bringe USA litt lenger inn i unionens politikk.

Van der Leyen-Kommisjionen

La oss no gå til notida. I 2014 var det avtalt at presidentskapet til Kommisjonen skulle gå til listetoppen til det partiet som vann valet til EU-parlament. Då trudde ein at enten European People’s Party (EPP) eller Party of European Socialists (PES), som allereie sat med delt presidentskap i parlamentet, skulle vinne valet. Den tidlegare statsministeren for Luxembourg Jean-Claude Juncker, medlem av NATOs stay-behind-nettverk (Gladio), vart utnemnd av EPP og vart president for Kommisjonen frå 2014 til 2019.

I 2019 skulle presidentskapet ha falle på kristendemokraten Manfred Weber. Men han sa frå seg jobben og opna vegen for sosialdemokraten Frans Timmermans, tidlegare utanriksminister i Nederland, sjølv om partiet hans hadde kome som nummer to i EU-parlamentsvalet. Ungarn, Den tsjekkiske republikken, Slovakia og Polen gjekk imot utnemninga, for Timmermans hadde i løpet av si tid som kommissær for betre lovgivning, mellominstitusjonelle forhold, rettsstaten og pakta for grunnleggande rettar støtt anklaga dei for autoritære tendensar. Bundeskanslar Angela Merkel føreslo deretter sin etterfølgar og forsvarsminister Ursula von der Leyen. Frankrikes president Emmanuel Macron støtta ho på det vilkår at fransk-amerikanske Christine Lagarde [2] vart utnemnd til president for Den europeiske sentralbanken.

I påbyrjingstalen sin snakka ho i klartekst og erklærte: "Min kommisjon skal vere ein geopolitisk kommisjon". Dette uttrykket refererer ikkje til internasjonale relasjonar, men til den av Karl Haushofer uttenkte teorien om Lebensraum.
Ursula von der Leyen grunnla straks ei gruppe for ekstern koordinnering (EXCO). Den har møte kvar tysdag på generaldirektørnivå og kvar onsdag på nivået til rådgivarane til kabinetta til kommissærane.

I mars 2020, rett etter at ho hadde overtatt stillinga, måtte Ursula von der Leyen handtere Covid-19-krisa. Den nye presidenten skisserte opp eit økonomisk tiltak til 2018 milliardar euro (2, 018 billionar) som inkluderte 800 milliardar euro i opptatte lån, og organiserte deretter eit felles kjøp på 4,6 milliardar dosar "vaksinar" til ytterlegare 71 milliardar Euro (det er 15 gongar høgare enn produksjonskostnaden). Til sist innførte ho eit europeisk Helsepass, det digitale COVID-sertifikatet til EU, kjend som "QR-kode". Desse initiativa fell ikkje under kompetanseområdet som Kommisjonen har fått overført via traktatane, sjølv om dei vart tatt vel imot av alle medlemslanda. Tyskland hadde elles fram til då vore energisk motstandar av prinsippet om felles låneopptak.

Vitskapsfolk trur no at 2,8 milliardar av desse dosane ikkje var vaksinar, men berre mRNA-droger. Dessutan var dei alle eksperimentelle.

EUs straffedomstol (Court of Justice of the European Union, i Luxembourg) vil beklage mangelen på transparens rundt innkjøpskontraktane for anti-Covid-vaksinane. Men ingen av prosedyrane for å kaste lys over utvekslinga mellom dei farmasøytiske laboratoria og fru van der Leyen har vore vellykka. Ektemannen hennar, Heiko von der Leyen, vart utnemnd til medisinsk direktør i Orgenesis, eit selskap knytt til eitt av laboratoria som produserer vaksinane. Han arbeider veldig lite der, men mottar ei svimlande løn. I tillegg har, ifølge skattemyndigheitene på Kypros, Ursual van der Leyens helsekommissær, greske Stélla Kyriakídou, mottatt 4 millionar euro via ektemannen Kyriakos Kyriakídou, som ho ikkje kan gjere greie for..

Den 23. februar, 2022 starta Russland sin “spesielle militæroperasjon” for å sette stopp for massakrane til “dei integrale nasjonalistane” i Donbas. Russarane gjekk då inn på ukrainsk territorium med militære styrkar, og det vart av NATO sett på som aggresjon, sjølv om Russland berre handla i samsvar med Resolusjon 2202 og plikta til å forsvare. Uansett gjekk høgrepresentant og visepresident for kommisjonen Josep Borrell ut og erklærte: “Dette er augeblinken då det geopolitiske Europa blir fødd”.

Kommisjonen føreslo straks pakkar av inngripande tvangstiltak mot Russland som Rådet godkjende utan debatt. Det var ei overføring til EU-lov av tiltak som USA allereie hadde gjort , koordinerte av Washingtons tidlegare Moskva-ambassadør, Michael McFaul.

Kommisjonen føreslo i tillegg eit omfattande program for finansiell og militær støtte til Ukraina. Det vart skissert opp av Björn Seibert, Ursula van der Leyens stabssjef og tidlegare analytikar hos tankesmia American Enterprise Institute, konstant i kontakt med Washington. Til dags dato har dei mobilisert 88 milliardar euro i finansiell støtte til Kyiv og 50 milliardar euro i våpen (“Ukraine Facility”).

Michel Barnier ser inga motsetning mellom si Gaullistiske tilknytning og støtta si til anglosaksiske Europa.

Michel Barnier si rolle i Frankrike

Før Europa-vala i juni 2024 føreslo president Emmanuel Macron at Michel Barnier skulle bli hans statsminister. Men presidentlista greidde ikkje å samle meir enn 15% av røystene. President Macron oppløyste då nasjonalforsamlinga og håpa seriøst å gjenvinne sitt parlamentariske fleirtal. Men Jean-Luc Mélenchon greidde – på berre to dagar – å samle venstre-partia i Den nye folkefronten (NFP). I første runde fekk presidentlista berre 20% av røystene. President Macron unngjekk det verste ved å organisere ein "Republikansk front" mot Marine Le Pens Nasjonal samling. Det var først etter to månadar med mykje fram og tilbake at han greidde å utnemne Michel Barnier til statsminister.

Michel Barnier er ein opportunist. Som tilhengar av gaullisten Jacques Chaban-Delmas, sveik han han til fordel for atlantisisten Valéry Giscard d’Estaing i 1977. Som tilhengar av ny-gaullisten Jacques Chirac, sveik han han til fordel for atlantisisten Édouard Balladur i 1993. I 2007 vitna han i Clearstream 2-saka framfor dommar Renaud Van Ruymbeke mot gaullisten Dominique de Villepin til fordel for atlantisisten Nicolas Sarkozy.

Det einaste han er konsekvent på, er deltakinga i konstruksjonen av Den europeiske unionen i skuggen av Washington og London. Etter at den europeiske grunnlova vart avvist i ei følkerøysting, vart han medlem av Amato-gruppa som skreiv utkastet til Lisboa-traktaten som skulle implementerast via parlamentariske kanalar. Han forhandla tolmodig vilkåra for Brexit med London, fordi han var den einaste EU-kommissæren som kjende historia til EU og forstod logikken bak den britiske viljen.

Men han framandgjorde mange høgtståande europeiske embetsmenn under den franske presidentvalkampen i 2022. Han kritiserte kollegaane i EU-domstolen si forvaltning av immigrasjonsreglane i fleire tiår, noko han aldri hadde gjort før.

Den 21. september kunngjorde Élysée-palasset samansetninga av regjeringa han no var statsminister for. Han passar på å la folket tru at han skriv alt sjølv, og at president Macron ikkje har påverka han.

Dette er openlyst feil. Til dømes var Marc Ferracci, statssekretær for industri, ein tidlegare klassekamerat av Emmanuel Macron under studiane ved SciencesPo, forlovar i bryllaupet hans, medan presidenten var forlovar i hans bryllaup. Far hans, Pierre Ferracci, deltok i Attali-kommisjonen for frigjering av fransk vekst (2007-2010), der Emmanuel Macron var spesial-rapportør. Han driv eit nettverk for omplassering av offentlege tenestemenn som har blitt sette på sidelinja. Kona til den nye ministeren, Sophie Ferracci, var Emmanuel Macron sin stabssjef i økonomidepartementet og hans politiske parti, En Marche. Ho vart plassert i Caisse des Dépôts et Consignations og er no president for Jean-Marc Borellos SOS Group. Jean-Marc Borello er ein gamal venn av Brigitte Macron.

Barnier-regjeringa er plassert under auspisiane til USAs Demokratar og Israels revisjonistiske sionistar.

Utanriksministeren hans, Jean-Noël Barrot, er arvingen til ei lang rekke kristendemokratar. Bestefaren hans, Noël Barrot, var medlem av Resistansen og medlem av parlamentet, Faren hans, Jacques Barrot, skapte klubben Dialog & Initiativ saman med Michel Barnier. Han var medlem av parlamentet, minister, vise-president for Europakommisjonen og til og med medlem av Konstitusjonsrådet. Jean-Noël’s syster, Hélène Barrot, er kommunikasjonsdirektør for Über-Europa. Som finansspesialist var Jean-Noël Barrot associate professor ved Massachusetts Institute of Technology (MIT), deretter professor ved HEC Paris. Han var prisvinnar (2020-klassen) i French-American Foundation sitt "Young Leaders"-program.

På dette bildet, som vi allereie har offentleggjort, ser vi presidentane av USA og Frankrike den 26. september, 2024, i FN. Benjamin Haddad står ved sidan av Emmanuel Macron, medan Amos Hochstein står til høgre på bildet. Denne vesle gruppa kravde våpenkvile i Libanon. I realiteten var det for å gi Israel tid til å myrde Hassan Nasrallah, generalsekretæren til Hizbollah.

Den mest overraskande medlemmen av Barnier-regjeringa er europaministeren, Benjamin Haddad. Pressa har merka seg rolla hans i Atlanterhavsrådet, og då altså i Washington.s teneste. Han var også senior-tenestemann i European External Action Service (EEAS) der han forsvarte standpunkta til USA og Israel.

Men det viktigaste: han arbeidde lenge i Tikvah Fund, som presenterer seg som eit amerikansk-jødisk utdanningsforbund. Eigentleg er det eit forbund av "revisjonistiske sionistar", det vil seie disiplar av fascisten Vladimir Jabotinsky som smykkar veggane i alle bygga til forbundet og alle publikasjonane deira. Tikvah Fund er ikkje nokon pro-israelsk organisasjon som liknar dei andre; den promoterer ideologien til Benjamin Netanyahu (son av privatsekretæren til Jabotinsky) [3]. Hugs at den første statsminister av Israel, David Ben-Gurion, hadde forbode å gravlegge Jabotinsky i Israel.

Ifølge Haaretz finansierte Tikvah Fund, leia av den kriminelle amerikanaren Elliott Abrams, maktovertakinga til Benjamin Netanyahu og hans allierte Itamar Ben-Gvir og Bezalel Smotrich i Israel [4].

Det ein må hugse:
• Europakommisjonen er arvtakaren til EECs High Authority, som sjølv var arvtakaren til AMGOT, det vil seie den anglosaksiske militære okkupasjonsmakta.
• Europakommisjonen er difor ikkje vald av folket, men sett ihop på initiativet til anglosaksarane. Kommisjonens einaste funksjon er å få medlemslanda til å adoptere NATO sine standardar.
• Barnier-regjeringa er Kommisjonens forlenga arm. Den inkluderer både ein minister som er godkjend av Det demokratiske partiet i USA og ein annan som representerer dei revisjonistiske sionistane til Benjamin Netanyahu.

Oversettelse
Monica Sortland

[1How to justify NATO’s aggression against Russia”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 11 June 2024.

[2With Christine Lagarde, US Corporations Enter the French Government”, by Thierry Meyssan, Voltaire Network, 29 June 2005.

[3The veil is being torn: the hidden truths of Jabotinsky and Netanyahu”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 25 January 2024.

[4Statskuppet til Straussianarane i Israel”, av Thierry Meyssan, Oversettelse Knut Lindtner, Voltaire Network, 14 mars 2023.