Det omstridde gjenvalet av president Nicolás Maduro har lite å gjere med utfallet frå valurnene. Då straussianarane (Leo Strauss sine følgarar, som fekk synspunkta sine gjort populære av neo-konservative journalistar [1]) kom til makta i USA den 11. september 2001, var faktisk deira første tanke at den dåverande presidenten av Venezuela, Hugo Chávez, burde bli skoten. Sidan har Venezuela blitt konfrontert med forsøk på militærkupp og fargerevolusjonar.

Mannen som no er president, Nicolás Maduro, følger i fotspora til Hugo Chávez, sjølv om han manglar staturen. I 2019 gav president Trumps utanriksminister, Mike Pompeo, Straussianaren Elliott Abrams fullmakt til å styrte president Maduro.

Juan Guaidó, sjølverklært "interim-president av Venezuela".

Elliott Abrams, som allereie på 1980-talet deltok i massakrane i Guatemala, deretter i Iran/Contras-affæren (som han vart dømd for i USA [2]) og kuppet mot president Chávez i 2002 [3], er no den mannen i Israel som styrer den etniske utreinsinga på Gaza, bak Benyamin Netanyahu [4]. I Venezuelasette Abrams sin lit til ein ung proksy, Juan Guaidó. Han fekk ei handfull parlamentarikarar til å velge han til president for nasjonalforsamlinga, utfordra valet av Maduro og proklamerte seg sjølv som interim president.

Etter at han hadde fått anerkjenning frå Vesten [5], plyndra landets ressursar i utlandet
og organisert eit mislykka kuppforsøk [6] et de guérillas [7] og geriljakrig [8] [9], trekte Juan Guaidó seg i 2023 til fordel for ein frontmann som sjølv vart erstatta av María Corina Machado. Han lever no i eksil i Miami.

Når det gjeld Eliott Abrams’ plan [10], så vart den stoppa av president Donald Trump rett før militæroperasjonen vart starta av SouthCom.

Thatcheristen María Corina Machado.

María Corina Machado deltok i statskuppet mot president Hugo Chávez i 2005. I 2012 stilte ho som kandidat mot han, for dei liberale. Då gjekk ho inn for privatisering av naturressursane, spesielt oljen. Ho kalla president Chávez ein "tjuv" fordi han hadde gjennomført ekspropriasjonar med kompensasjon. Ho fekk oppheva parlamentsmandatet sitt i 2014 fordi ho hadde godtatt Panamas president Martín Torrijos si utnemning av ho til ambassadør for Organisasjnen for amerikanske statar (OAS).

I 2005, då partiet hennar vart grunnlagt av National Endowment for Democracy (NED), vart ho mottatt av USAs president George W. Bush på Det ovale kontoret. I 2014 var ho ein av hovudfigurane bak La Salida, ein kampanje for å styrte president Nicolás Maduro. I 2015 hadde ho håp om å bli plassert til makta av USAs militær i "Operation Jericho" [11]. I 2020 signerte ho Madrid-pakta (til Madrid Forum), som samla dei som såg med nostalgi på dei latinamerikanske diktatura og skildra latinamerikanske regjeringar på venstresida som eidsvorne (tilhengarar av) cubansk kommunisme. På grunn av sine e-postar, som beviste statskuppførebuingar, fekk ho forbod mot å stille til val.

Ute av stand til å stille, nominerte ho den 80 år gamle filosofen Corina Yoris til å erstatte ho. Men kandidaturet hennar hadde inga framtid. Til sist utnemnde ho Edmundo González, ein tidlegare diplomat. Medan María Corina Machado erklærte seg som tilhengar av Margaret Thatchers "folkelege kapitalisme", sørga González varsomt for å distansere seg frå den argentinske presidenten, pseudo-liberalaren Javier Milei.

2024-presidentvalet

Venezuelas presidentval vart halde den 28. juli. Det var 11 kandidatar, ikkje 2 slik visse mediekanalar hevdar. Røystinga vart gjennomført med hjelp av røystemaskiner som ikkje var tilkopla internett og som skreiv ut ei kvittering for kvar røyst.

Om ein skulle jukse, måtte maskinene ha vore manipulerte før røystinga tok til, med risiko for å bli oppdaga når resultata vart samanlikna med velgarane sine kvitteringar. Ingen har klaga på noka slik rigging. Då Venezuela er eit svært land med kommunikasjonsproblem, har grunnlova gitt Det nasjonale valrådet (CNE) 30 dagar til å samle protokollane frå vallokala og kunngjere resultata.

Men dagen etter valet, den 29. og 30. juli, lenge før kunngjeringa av resultat, erklærte Maria Corina Machado si politiske gruppe, Vente Venezuela ("Kom Venezuela"), at røystinga hadde vore rigga. Gruppas militante avdeling angreip 12 universitet, inkludert det nyleg renoverte Sentraluniversitetet til Venezuela (UCV), 7 vidaregåande skular og 21 høgskular og forårsaka stor skade. Tre sjukehus og minst 37 klinikkar vart også angripne, i tillegg til 6 varehus og matdistribusjonssenter.

Edmundo González

Ifølge den utgåande presidenten, Nicolás Maduro, var 70% av dei valdelege elementa som vart arresterte tidlegare landsforviste som nyleg hadde returnert, Mange av dei innrømde at dei hadde blitt opptrente i Texas. "Dei valdelege elementa brende ned ein kommunal radiostasjon og angreip 11 T-banestasjonar i Caracas. Dei ville sette toga i brann, men vart stoppa av arbeidarane (...) 10 regionale CNE-hovudkvarter var også i målsiktet, i tillegg til det sentrale hovudkvarteret i Caracas, som vart angripe då minst 60 internasjonale gjestar var i området reservert for observatørar. Dei flykta uskadde takka vere at Den bolivariske nasjonalgarden greip inn, beskytta dei og arresterte fleire enn 20 medlemmar av comanditos’ane (kommandosoldatane) på staden".

Dei siste åra har ein sjuandedel av venezuelanarane flykta landet, der dei økonomiske tilhøva har halde fram med å forverre seg.Som regel flykta dei frå valden, og dei hadde blitt overtalte til å tru at president Maduro skulle kollektivisere privat eigedom. Dei forstod snart at dei hadde tatt feil, men kunne ikkje returnere til landet. Dei som greidde å returnere, rett før valet, mottok i mange fall hjelp frå den pro-amerikanske opposisjonen.

Eit dataangrep blokkerte overføringssystemet til Det nasjonale valrådet på eit tidspunkt då 81% av resultata allereie var innsamla. Det tok fleire dagar å reparere. Verken Maria Corina Machado eller protesjéen Edmundo González bad om valden, men det rår ikkje tvil om at dei politiske partia deira koordinerte den.

Under dei, no avslutta, paramilitære destabiliseringsforsøka, prøvde USA å involvere OAS for å skaffe seg legitimitet til ein ekstern militær intervensjon. Men eit fleirtal av dei amerikanske statane i organisasjonen var imot det [12]

.

Ein av dei ti kandidatane, Edmundo González, dukka ikkje opp på signeringsseremonien for valresultatrapporten.

Den 2. august organiserte Høgsterett ein underskriftsseremoni for resultata som Det nasjonale valrådet (CNE) hadde sendt dei. 8 av dei 10 kandidatane skreiv under på sluttdokumentet, og anerkjende med det at valet var gyldig. Enrique Márquez nekta å signere, og Edmundo González dukka ikkje ein gong opp.

Valrapporten vart signert av åtte av dei ti kandidatane.

På slutten av seremonien kunngjorde Elvis Amoroso, presidenten for det nasjonale valrådet, at trass i dataangrepet mot Rådet, hadde 96,87% av resultata frå vallokala blitt overførte til han. På dette grunnlaget, og i påvente av dei fulle resultata, kunngjorde han det offisielle delresultatet som godkjent av 8 av dei 10 kandidatane.

Valdeltakinga var berre på 59, 97% av den registrerte velgarmassen.
Nicolás Maduro - PSUV (Venezuelas foreinte sosialistparti, patriotar a la Simon Bolivar): 51,95% av dei avgitte stemmene
• Edmundo González . MUD (Demokratisk einskapsplattform) [pro-USA]: 43,18%
• Luis Eduardo Martinez - AD (Historisk folkeallianse): 1,24%
• Antonio Eccari Angola - Lapiz (Det nye Venezuela): 0,94%
• Benjamin Rausseo CONDE: 0,75%
• José Brito PV (Plan B): 0,68%
• Javier Bertucci - LE CAMBIO
• Claudio Fermin . SPV: 0,33%
• Enrique Márquez - Grand-M. - CG (Historsk pakt): 0,24%
• Daniel Ceballos - AREPA (Håpets pakt): 0,16%

Den 4. august beklaga Josep Borrell, EUs High Representative, det faktum at CNE ikkje hadde publisert valresultata. Han påstod at det under slike tilhøve ikkje var mogleg å tru på dei kunngjorte resultata [13]. Faktum er at den bolivarske grunnlova spesifiserer at straks kandidatane har signert sluttdokumentet, så er det opp til dei som tar til motmæle mot resultata å bevise at dei har rett.

Høgsteretts valkammer venta forgjeves på at Edmundo González og Enrique Márquez skulle legge fram bevis for valmanipulasjon.

Den internasjonale instrumenteringa av venezuelansk uorden

Til sjuande og sist hadde ikkje destabiliseringsaksjonane til María Corina Machado og Edmundo González nokon større innverknad denne gongen enn dei før har hatt. På grunnlag av ei rundspørring utført av DatinCorp før valet der 50% sa dei skulle stemme på González, publiserte dei to referat frå vallokale og trekte i tvil om CNE hadde vore oppriktige med opptellinga. USAs utanriksminister, Antony Blinken, kalla det "fellande bevis".

Problemet er at DiatinCorp ikkje er eit meiningsmålingsinstitutt, men eit kommunikasjonsselskap som arbeider for gruvedrifts- og oljeinteresser som prøver å fjerne president Maduro frå makta.

Jorge Rodriguez, president for nasjonalforsamlinga, har påpeika at desse "fellande bevisa" ikkje samsvarer med regelverket: dei inneheld ikkje namna på vallokalas tenestemenn, og heller ikkje signaturane deira.

Venezuelas regjering, som hadde forventa protestar i ei eller anna form, hadde invitert ei gruppe valekspertar frå FN. Panelet anerkjende at valet var gyldig, påliteleg og godt organisert, men også at "CNE sin resultatstyringsprosess ikkje respekterte dei grunnleggande måla for transparens og integritet som er essensielt for gjennomføring av truverdige val. Prosessen samsvarer ikkje med dei nasjonale retts- og forvaltningsforskriftene, og ikkje alle tidsfristar vart overhaldne" [14]. Panelet merka seg og at ein framleis mangla ei forklaring på datasamanbrotet som hindra CNE i å kunngjere det fulle resultatet innan påkravd tidsfrist.

Josep Borrell reagerte på vegner av EU den 24. august på denne rapporten av 9. august, men ignorerte informasjonen som sidan då vart publisert av Jorge Rodriguez, med denne ytringa: "Dei foreinte nasjonane si ekspertgruppe har stadfesta at ei stikkprøve av dei eksaminerte dokumenta som opposisjonen har publisert, viser same sikkerheitskjenneteikn som dei originale resultatprotokollane, og såleis stadfestar at dei kan settast lit til. Ifølge offentleggjorte kopiar av dokumenta ser det ut til at Edmundo Gonzalez Urrutia har vunne presidentvalet med stor majoritet" [15].

Internasjonalt verkar ingen lenger ta omsyn til fakta. Dette er ikkje lenger problemet Alle blir inviterte til å velge side: enten for Edmundo González og USA, eller for Nicolás Maduro og mot dei.

Mexicos president Andrés Manuel López Obrador.

Som prinsippsak støttar latinamerikanske regjeringar på "høgresida" (i Den kalde krigens ånd) Edmundo González, medan dei på "venstresida" (igjen i Den kalde krigens ånd) støttar Nicolás Maduro.

Chiles president Gabriel Boric er eit særtilfelle: han vart vald som ein "venstre-vridd" president, men har gjort ein spektakulær U-sving etter å ha mislykkast i å reformere general Augusto Pinochet si grunnlov. Han kallar seg no "sentristisk", og er derfor på linje med Vestens posisjon. Han oppfordra venstreving-presidentar til å røyste ... i favør av samliv (Maduro og González) i Venezuela. Med andre ord: same kva utfallet av valurnene blir, så må Edmundo González sitte i regjerniga.

Mexicos president Andrés Manuel López Obrador skiller seg ut frå resten: han verkar vere den einaste som ikkje har handla på refleks, men i staden eksaminert situasjonens realitetar. Han har klokeleg notert seg både den folkelege støtta til Nicolás Maduro og viktigheita av opposisjon.

Oversettelse
Monica Sortland

[1Russia declares war on the Straussians”, by Thierry Meyssan, Voltaire Network, 5 March 2022.

[2Elliott Abrams, the "gladiator" converted to "theopolitics"”, by Thierry Meyssan, Translation Gregor Fröhlich, Voltaire Network, 14 February 2005.

[3« Opération manquée au Venezuela », par Thierry Meyssan, Réseau Voltaire, 18 mai 2002.

[4Statskuppet til Straussianarane i Israel”, av Thierry Meyssan, Oversettelse Knut Lindtner, Voltaire Network, 14 mars 2023.

[5Venezuela, a putsch by the US deep state”, by Manlio Dinucci , Translation Pete Kimberley, Il Manifesto (Italy) , Voltaire Network, 30 January 2019.

[6« Coup d’État hollywoodien au Venezuela », Réseau Voltaire, 1er mai 2019.

[7« Préparation d’attentats terroristes à Caracas », Réseau Voltaire, 31 mars 2019.

[8« Préparation d’attentats terroristes à Caracas », Réseau Voltaire, 31 mars 2019.

[9USA er i ferd med å skape betingelsene for invasjonen av Venezuela”, av Thierry Meyssan, Oversettelse Cubanito, Voltaire Network, 30 janvier 2019.

[10US against Venezuela: Cold War Goes Hot”, by Nil Nikandrov, Strategic Culture Foundation (Russia) , Voltaire Network, 8 March 2014.

[11Obama failed his coup in Venezuela”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 24 February 2015.

[14Interim Report, UN Panel of Experts, August 9, 2024.