Vladimir Putin og Donald Trump, begge gjenvalde med stor støtte i folket, vil snart møtast. Dei diskuterer allereie via spesialutsendingar. Dei gjenopptar sine gamle relasjonar, berre at Russland no er sterkare enn USA militært.

Internasjonale relasjonar endrar seg ekstremt raskt på fleire frontar samtidig.

Dei to siste vekene har vist at Iran har gitt opp sitt revolusjonære ideal og distansert seg frå sine sunni-allierte i Hamas og Islamsk jihad, og til og med sjiittane i libanesiske Hizbollah, irakiske Hashd al-Shaabi og jemenittiske Ansar Allah [1]. Dette blir stort sett stadfesta av møtet der Hassan Nasrallah vart myrda av IDF "takka vere" iransk informasjon, dei forvirrande utsegnene til ayatollah Ali Sistani i Irak, og tiltaka for å hindre mordet på Abdel Malek al-Houthi i Jemen [2].

Så viste vi at BRICS, på toppmøtet i Kazan, stadfesta si tilknytning til Folkeretten, mot “den regel-baserte ordenen” til anglo-saksarane [3].

Denne veka markerer Donald Trumps siger i presidentvalet i USA Jacksonianarane sin triumf over Demokratane, men også over Republikanarane, sjølv om Trump vart støtta av partiet deira. Det bør følge at USA stoppar sine krigar i Ukraina og Midtausten til fordel for ein full handelskrig.

På det europeiske kontinentet var vi vitne til fallet til Rishi Sunak i Storbritannia, og at han vart erstatta av ein medlem av Den trilaterale kommisjonen (dvs. ein støttespelar for amerikanske forretningsinteresser), Keir Starmer. Vi forventar og at Tysklands kanslar Olaf Schloz og Frankrikes statsminister Michel Barnier vil falle, utan at vi veit kven som vil erstatte dei.

I Vesten har desse hendingane same betydning overalt: neo-konservativ ideologi og woke-religion blir fordømde til fordel for forsvaret av nasjonane. Dette er ein middelklasse-revolt. Desse skikta av folket, som ikkje lir av framandfrykt, aksepterer ikkje lenger å bli ofra i namnet til den angelsaksiske globaliseringas påtvungne spesialisering.

Generalt rører vi oss dei komande åra bort ifrå både den imperialistiske viljen til anglo-saksarane og den anti-imperialistiske viljen til Iran. Samtidig bør det skje ei styrking av Folkeretten, sjølv om denne ikkje blir anerkjend av Jacksonianarane. Men dei erkjenner kor viktig signaturar er i kommersielle saker. Truleg vil Washington presse Three Seas-initiativet på sentral-Europa etter å ha tvinga Ukraina til å innrømme nederlag for Russland. Dette vil resultere i ein oppgang for Polen på bekostning av Tyskland og ei svekking av Den europeiske unionen, EU. USA og BRICS vil einast om behovet for samarbeid, men vil krangle om dollaren som leiande valuta.

Desse viktige endringane er enno skjulte for oss fordi vi ikkje forstår tenkemåten til dei ulike aktørane. Vi feiltolkar det dei seier og gjer, på grunnlag av stillinga deira i den gamle verda.

Spesielt blinde er vi i høve til USA, som vi framleis ser på som våre overherrar. Vi kjenner berre den neo-konservative doktrinen, og vi førestiller oss at USA tenker på denne måten, sjølv om dei sjølve nett har fridd seg frå dette regimet. Valet, eller heller gjenvalet, av Donald Trump, den overveldande sigeren hans både til Det kvite hus og Kongressen, markerer revolten til USAs middelklasse mot dei Vestlege intellektuelle som alle slo seg i hop mot han.

La oss hugse at Donald Trump, medan han var eigedomsutviklar i New York, var den første som, kvelden 11. september, 2001, stilte spørsmål ved den offisielle versjonen av det påstått islamistiske angrepet. Seinare finansierte han, innanfor Tea Party, spørsmålet om legitimiteten til president Barack Obama. Til sist tok han over Det republikanske partiet trass motstand frå tidlegare visepresident Dick Cheney (som var medlem av “kontinuitetsregjeringa,” det Trump kalla “djustaten”). Han dreiv valkamp på ein ny måte basert på observasjon av sosiale nettverk, og via denne svarte han symbolsk på forventningane til middelklassen. Straks etter valsigeren sin, og før han flytta inn i Det kvite hus, lanserte Det demokratiske partiet ein global svertekampanje mot han [4]. Under si tid i embetet måtte han forholde seg til sine eigne medarbeidarar som ikkje nølte med å lyge for han og gjorde det motsette av det han hadde gitt ordre om og deretter skrytte av det. Men han greidde, aleine mot alle, å avbryte "den endelause krigen" i Midtausten og CIA si militære og finansielle støtte til Al-Qaida og IS.

Joe Biden, derimot, sette ihop teamet sitt frå tilsette ved Center for Strategic and International Studies (CSIS), Center for a New American Security (CNAS), Rand Corporation og frå General Dynamics, Raytheon, Northrop Grumman og Lockheed Martin. Han starta om att krigar i Midtausten og deretter ein ny i Ukraina.

Vi veit ikkje om Donald Trump vil prøve å fortsette det han starta på under sin første periode. Han kjenner no til fallgropene til Washington og har sett ihop eit team som han mangla første gongen. Det einaste uvisse er kva han måtte gi avkall på for å kunne vinne denne gongen. Politikken hans i Midtaustten bestod i å erstatte krig med handel gjennom Abraham-avtalane (Abraham Accords). Denne politikken vart misforstått fordi svigersonen hans, Jared Kushner, som hadde ansvaret med gjennomføringa, er djupt rasistisk. Han flytta og USAs ambassade frå Tel Aviv til Jerusalem, ein indikasjon på at dette var hovudstaden i den einaste jødiske staten. Under valkampen mottok han betydelege donasjonar frå enka etter Sheldon Adelson, ein fanatisk tilhengar av "dei revisjonistiske sionistane". Ingen veit om han til gjengjeld har forplikta seg til å støtte Staten Israel eller det kolonialistiske prosjektet til Vladimir Jabotinsky.

Donald Trump sin siger vil ikkje få slutt på kampane, men flytte dei frå den militære slagmarka til den økonomiske. Vis varsemd når de analyserer politikken hans, for dei politiske kategoriane vi har hatt som rammeverk sidan 1800-talet vil vise seg å ikkje fungere. Han har ikkje til hensikt å velge mellom proteksjonisme og frihandel, men mellom økonomiske sektorar: dei produkta han vil verne med tollsatsar fordi USA sine ikkje vil kunne konkurrere med rivalane sine, og dei produkta som er i stand til å overfløyme verdsmarknaden. Donald Trump er ikkje venen til alle entreprenørar, slett ikkje. Han går imot dei som lever av staten ved å selge den dårlege produkt, slik USAs militærindustrielle kompleks har gjort i tretti år. Kategoriane høgre og venstre, intervensjonistisk og isolasjonistisk er like utdaterte alle ihop. Det som skjer i dag er av ein annan art.

Oversettelse
Monica Sortland

[1Den israelsk-iranske overbodskonkurransen maskerer omorganiseringa av alliansar i Midtausten”, av Thierry Meyssan, Oversettelse Monica Sortland, Voltaire Network, 6 novembre 2024.

[3I Kazan vart verdsordenen endra”, av Thierry Meyssan, Oversettelse Monica Sortland, Voltaire Network, 1er novembre 2024.

[4Clinton-systemet prøver å diskreditere Donald Trump”, av Thierry Meyssan, Oversettelse Knut Lindtner, Al-Watan (Syria) , Voltaire Network, 3 mars 2017.