Arnon Bar-David, Histadruts generalsekretær, organiserte generalstreiken for å tvinge Netanyahu-regjeringa til å forhandle med Hamas.

Den israelske folkeopinionen er i endring. Etter å ha vendt seg bort frå statsminister Benyamin Netanyahu, som lenge ikkje gjorde noko under 7.-oktober-angrepet, var det visse israelarar som igjen samla seg bak han etter det iranske gjengjeldsangrepet den 11. april. Rundt ein tredjedel av desse støttar han no. Det er både settlarar, illegalt implantert på Vestbanken, og innbyggarar som oppfattar arabarar, tyrkarar og persarar som fiendar.

Dei resterande to tredjedelane opnar langsamt auga. Avrettinga av seks gislar den 31. august av Hamas [noko Hamas nektar for], rett før dei israelske «forsvarsstyrkane» (IDF) skulle til å frigjere dei, viste dei at nærværet av soldatar i Gaza ikkje fører til lauslating, men til dødsdom. Dei ser no statsministerens hardnakka innmarsj i Gaza og på Vestbanken, utan tanke på at det set gislanes liv i fare, som bevis for at han utelukkande tener interessene til settlarane, ikkje til alle dei israelske jødane. Likevel ser dei ikkje lidingane til israelske arabarar, pogromane på Vestbanken og den etniske utreinskinga i Gaza.

Det var mot dette bakteppet at Israels historiske fagforeining Histadrut, som i mellomkrigstida var den viktigaste jisjuv-organisasjonen, kalla saman til generalstreik. Som med alle fagforeiningar i Vesten, er også denne mindre enn den før var, då den var ein avleggar av kibbutzim-rørsla. Dei har no berre 400 000 medlemmar, men har likevel moralsk autoritet. På eit folkemøte erklærte generalsekretæren, Arnon Bar-David: «Eg er her for å kjempe, slik at ingen blir haldne tilbake. Jødar overgir ikkje jødar. Kven veit ikkje det? Barna våre kan ikkje døy i tunellane av politiske grunnar.» Regjeringa meinte fagforeininga sjølv spelte på politikk i staden for å forsvare arbeidarane, og dei fekk Arbeidsretten til å erklære generalstreiken ulovleg. Finansminister Bezalel Smotrich, for sin del, instruerte departemetets tenestestadar til å ikkje betale dei streikande arbeidarane. Trass alt var aksjonen massiv. Den fekk israelarane til å innsjå at Benyamin Netanyahu ikkje forsvarte jødar, at han aldri hadde forsvart dei.

Samtidig erklærte ein av regjeringas 32 medlemmar, forsvarsminister og general Yoav Gallant, i kabinettet at statsministerens nye målsetning om å okkupere Filadelfia-korridoren (den vesle grensestripa mellom Egypt og Gaza) er i strid med Camp David-avtalen utan at den inneber stategiske fordelar i det heile tatt. Då kabinettdiskusjonen slo om til reine fornærmingar, gjekk general Gallant ut offentleg med saka.

Internett-portalen Ynet (Yediot Aharonot Group), som går for å vere sentristisk og nær regjeringa, kunne fortelle at ein nesten hadde kome fram til semje med Hamas i mai, men at alt vart snudd på hovudet av den israelske sidas Clarification Document den 27. juli. Denne teksten la brått fram nye krav, som gjorde ein avtale umogleg. For første gong kravde dei at IDF skulle vere utplassert i Filadelfiakorridoren.

Berre dei som følger israelsk politikk vil forstå samtidigheita til generalstreiken og utspelet til Gallant. Det lettar forståinga av kva som skjedde i fjor.

Tidlegare stabssjef, general Yoav Gallant, har vore innblanda i fleire korrupsjonssaker. For nokre månadar sidan skildra han den palestinske Resistansen som «dyr». Men hans mange lyte og manglar har ikkje hindra han i å forstå og opponere mot Benyamin Netanyahu.

Våren 2023 la dei demokratiske partia press på Histadrut om å organisere ein generalstreik mot den føreslåtte grunnlovsreformen (tilsvarande Konstitusjonen), dvs. mot statskuppet til dei revisjonistiske sionistane. Men i staden for å halde fast ved forsvaret av demokratiet, støtta sentrums-venstre også høgrevingsgeneralen Yoav Gallant, som Benyamin Netanjahu nett hadde sparka frå stillinga som forsvarsminister. Presset deira var så sterkt at statsministeren til sist tok Gallant inn att i regjeringa.

Den gongen var det ingen som forstod sambandet mellom fagforeiningsfolka og generalen; først seinare fekk vi vite at han hadde blitt avsett etter at han eksploderte i Ministerrådet og kravde ei forklaring på korfor statsministeren ikkje hadde reagert på rapportane frå Shin Bet (kontraetterretning) og IDF. Fire månadar før angrepet den 7- oktober, skreiv alle israelske etterretningstenester rapport etter rapport om «den pefekte stormen» (kodenamn for operasjon Al-Aqsa-flodbølga 7. oktober) som den palestinske resistansen førebudde. Statsministeren nekta å lytte. Han vende det dauve øyre til utbrotet til general Gallant. Han forsvarte ikkje landet sitt under 7. oktober-angrepet, men brukte i staden angrepet som påskot til å etnisk reinske Gaza og tillet ei fleirdobling av talet på anti-arabiske pogromar på Vestbanken.

Som resultat har sørsmålet vi har stilt sidan midten av november [1] byrja få resonnans blant israelarane: kva om Benyamin Netanyahu ikkje var inkompetent, men medskuldig i angrepet?

Gali Baharav Miara, Israels første kvinnelege riksadvokat, ber om ein statleg kommisjon til å granske alle aspekt ved 7. oktober. Benyamin Netanyahu har tvert imot innført streng sensur på mange uforklarte aspekt rundt førebuingar, utføring og respons på angrepet – ting som israelarane ikkje veit anna om enn den offisielle versjonen.

Dette spørsmåleter delt av mange israelarar som har bede om ein statleg kommisjon for gransking av alle aspekt ved 7. oktober-angrepet, førebuingar og respons. Israels riksadvokat, Gali Baharav Miara, som meiner saka er relevant, har også bede om ein granskingskommisjon. Men Benjamin Netanyahu og hans medskuldige har gått imot det.

Dette spørsmålet har vore på alles lepper heilt sidan israelsk presse avslørte at kontraspionasjetenesta Shin Bet/Shabak hadde åtvara statsministeren om det komande angrepet ti veker tidlegare [2]. Denne gongen snakkar vi ikkje lenger om utlandske kjelder, men om eitt av Israels sikkerheitsbyrå.

Gradvis trer historia om koalisjonsregjeringa fram att. Jødiske suprematistar (Kahanistane) er ikkje berre ei ny jødisk sekt. Dei er militant for øydelegging av Al-Aqsa-moskéen og gjenoppbygging av Salomons tempel på same staden, medan Haredi-rabbiane, både av typen askenas og sefard, i tillegg til dei leiande israelske rabbiane, ser på slike gjerningar som ureine, og dei forbyr alle jødar å entre innanfor gjerda til Al-Aqsa-moskeen. Det ser altså ut til at dei distanserer seg frå dei revisjonistiske sionistane som følger læra til Volodymyr Jabotinski og Benzion Netanhayou, som dreiv kampanje for ein jødisk stat frå Nilen til Eufrat. I røynda var rabbi Meïr Kahane ein agent av Yitzhak Shamir (Jabotinkys etterfølgar) i USA, som finansierte han via Mossad, som han den gong var ein av leiarane av. Under sin første periode som statsminister, i 1996, fekk faktisk Benjamin Netanyahu grave ut ein tunell under Al-Aqsa-moskéen.

Ingen i Israel hugsar at Volodymyr Jabotinsky og Benzion Netanyahu (statsministerens far) var allierte med Benito Mussolini, som var vert for militsen deira, Betar, i Roma [3]. Ingen israelarar tør stille spørsmål om banda mellom desse historiske fascistane og nazismen. Det stemmer at Jabotinsky døydde is starten av krigen, den 4. august, 1940, i New York, utan å ha måtta kommentere sin rase-ideologi. Men under mellomkrigstida, som direktør for den sionistiske verdsorganisasjonen, hadde han alliert seg med dei ukrainske integrale nasjonalistane til Symon Petlioura og Dmytro Dontsov imot sovjetarane. Mennene deira massakrerte jødar utan å utløyse den minste reaksjon frå han. Då den sionistiske organisasjonen kravde ei forklaring, gjekk han av utan å svare.

David Ben Gurion, Israels første allierte statsminister, sa at Jabotinsky var ein fascist og truleg ein nazist. Derfor motsette han seg at aska hans skulle overførast til Jerusalem.

Spørsmålet oppstår av to grunnar: for det første førte revisjonistiske sionistar forhandlingar med nazistane gjennom heile Andre verdskrig, mot dei allierte. Det var tyskarane som nekta å vidareføre samarbeidet, medan dei jødiske Jabotinsky-følgarane var for å halde fram.

Så, sist mai, avslørte historikaren Nadav Kaplan [4] at Jabotinsky sine følgarar i detalj følgde forhandlingane mellom ungararen Rezső Kasztner (kjend som “Rudolf Ysrael Kastner”) og nazistane gjennom Andre verdskrig, inkludert med Adolf Eichmann, som hadde ansvaret for sendinga av jødar til utryddingsleirane. Han har spekulert på (enno ikkje heilt bevist) om Ben Gurion gav ordre om å avrette han under rettssaka, for å ikkje opne såra igjen. Viss Kaplans verk blir vidareutvikla, blir det kontinuitet mellom nazistane sin massakre på jødar og dei revisjonistiske sionistane sin massakre på palestinarane.

Vi må innrømme at israelarane ikkje er offer for Hamas, men, som palestinaranes, for dei revisjonistiske sionistane.

Oversettelse
Monica Hostettler

[1Korleis Netanyahu forfalskar nyheitene” og “Kva ligg bak løgnene til Netanyahu og Hamas’ kunstgrep”, av Thierry Meyssan, Oversettelse Monica Sortland, Voltaire Network, 24 novembre et 10 décembre 2023.

[2«Netanyahu supo 10 semanas antes el ataque de Hamas, según Shin Bet; un año antes, según NYT», por Alfredo Jalife-Rahme , La Jornada (México) , Red Voltaire , 10 de septiembre de 2024.

[3The veil is being torn: the hidden truths of Jabotinsky and Netanyahu”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 25 January 2024.

[4מדוע חוסל קסטנר » (Hvorfor ble Kastner myrdet?), Nadav Kaplan, Steimatzky-utgaver (2024).