Benjamin Netanyahu sa på tv den 13. oktober at: “Eg vil vende meg direkte til FNs generalsekretær: Tida er inne for at de trekk tilbake UNIFIL frå Hizbollah sine tilfluktsstadar og kampsoner. Den israelske arméen har gjentatte gongar bede om dette og blitt nekta, med den effekten at Hizbollah-terroristsr blir forsynte med menneskelege skjold. Det at de nektar å evakuere UNIFIL-soldatar, har gjort dei til Hizbollah-gislar og sett både dei og soldatane våre i fare.”

Israel har nett angripe ei av stillingane til Dei foreinte nasjonane sine fredsbevarande styrkar i Libanon. Då britane trekte seg ut av Mandatperiodens Palestina (dvs. då Palestina av Folkeforbundet var plassert unde Storbritannias provisoriske administrasjon) den 14. mai, 1948, proklamerte Zionist General Council, ei forgreining av Haganah (den største militsen til immigrant-jødane) unilateralt uavhengigheit for Staten Israel. Det vart kunngjort av leiaren for Jewish Agency (altså direktøren for World Zionist Organization).

Det er viktig å merke seg har at den britiske okkupanten trekte seg frå berre omlag ein fjerdedel av mandatområdet Palestina. Dei hadde allereie offisielt gått ut av dei andre tre fjerdedelane som utgjorde mandatområdet Transjordan, det framtidige Jordan.

På vegner av Zionist General Council, les David Ben-Gurion opp uavhengigheitserklæringa for Staten Israel.

Etter nokre dagar med drøftingar og vurderingar tok FN avgjerda om å anerkjenne den nye staten – men ikkje utan å understreke at det ikkje var opp til ein milits, Haganah, å proklamere ein stat, sjølv om denne proklamasjonen skulle fylle tomrommet etter mandatmakta, britane. Generalforsamlinga hadde merka seg at proklamasjonen av uavhengigheit ikkje sa noko om styreforma for denne staten (teokrati eller republikk), og heller ingenting om statens landegrenser. Dei ville likevel følge planen sin om oppretting av ein binasjonal stat, både arabisk og jødisk, utan territoriell kontinuitet mellom dei to delane (Jerusalem og Betlehem hadde internasjonal status). Dei slo seg til ro med at den nye staten lova "fullstendig like sosiale og politiske rettar for alle borgarar, utan å skille mellom tru, rase og kjønn."

Dagen etter uavhengigheita sende Egypt, Irak, Transjordan, Libanon, Syria og Jemen troppane sine til Palestina. Den offisielle historia no seier at desse seks landa (“Arabarane”, underforstått “Muslimane”) ikkje aksepterte ein jødisk stat, medan fem av dei var imot den jødiske koloniseringa etter den britiske koloniseringa og den sjette støtta Israel. Religion var eit problem berre for Izz al-Din al-Qassam, Det muslimske brorskapet og nazi-mufti’en Mohammed Amin al-Husseini. På liknande vis hevda propagandaen at desse arméane vart nedkjempa av den tapre israelske arméen, implisitt at “frå første dag av var jødane arabarane moralsk overlegne”. Realiteten var heilt noko anna. Verdskrigen hadde nett slutta og ingen av desse landa, med unntak av Transjordan, hadde nokon armé det var verdt å snakke om. Troppane deira bestod utelukkande av frivillige. I tillegg kjempa den transjordanske arméen – som enda konflikten – på Israel si side mot arabarane. Transjordan, som framleis var under britisk påverknad, håpa eigentleg på å hindre opprettinga av ein palestinsk stat og ville annektere territoriet deira. Arméen deira var ingen annan enn britane sin ("Den arabiske legionen") og stod under kommandoen til general John Bagot Glubb (alias "Glubb Pasha"). Det var transjordarane (eigentleg britane), og ikkje israelarane, som nedkjempa dei andre arabiske arméane. Under konfliken vart herskaren deira, kong Abdullah I utropt til "kongen av Palestina".

Under denne konflikten let dei israelske styrkane Transjordans britiske krige mot arabarane, og dei brukte Plan D (på hebraisk: Plan "Dalet"). Haganah hadde til hensikt å dele så lite territorium som mogleg med transjordanarane. Israelske styrkar importerte våpen illegalt frå Tsjekkoslovakia (som var styrt av kommunistar), truleg i samforstand med SSSR, for å kjempe mot den britiske koloniseringa, var det sagt, men i røynda var det for å kaste ut palestinarane. Det var Nakhba’en (katastrofen). 750 000 palestinarar (mellom 50 og 80% av befolkninga) vart fordrivne med makt.

Israel bad om og fekk året etter medlemskap i FN. På den tida var ingen dekolonisert stat ein del av organisasjonen. Landa under angelsaksisk påverknad var i fleirtal. Men dei godtok Israel berre på visse vilkår. I sin Resolusjon 273 refererte FNs generalforsamling til ei skriftleg erklæring frå utanriksministeren til den provisoriske regjeringa i Israel, Moshe Shertok, der han "aksepterer utan reservasjon pliktene som kjem frå FN-pakta og tar på oss å observere de frå den dagen landet blir medlem av Dei foreinte nasjonane" [1].

Den 15. november 1970 reiv Chaim Herzog, permanent representant for Israeli FN og framtidig president for Staten Israel, opp erklæring 3379 på podiet til Generalforsamlinga, som skildra sionisme som "ei form for rasisme og rasediskriminering."

Til dags dato har Israel ikkje oppfylt pliktene sine, og dei har heller ikkje gitt akt på 229 resolusjonar frå Sikkerheitsrådet og generalforsamlinga. Medlemskapet deira kunne derfor når som helst seiast opp.

I løpet av dei siste månadane:

• Israels utanriksminister Israel Katz sa den 23. mars at FN hadde blitt “ein anti-semittisk og anti-israelsk organisasjon som gir tilflukt og oppmodar til terrorisme.”
• Israel har drive kampanjar mot eit FN-organ, United Nations Relief and Works Agency for Palestine Refugees in the Near East (UNRWA), og skulda dei for å tene Hamas. Sist juli vedtok Knesset tre lover som 1) forbaud UNRWA å operere på israelsk territorium, 2) trekte tilbake UNRWA-medarbeidarane sin diplomatiske immunitet og 3) erklærte UNRWA som ein terrorist- organisasjon.
• Israels permanente representant i FN, Gilad Erdan, erklærte på slutten av perioden sin førre august i ein tale i FN-hovudkvarteret i New York, at “dette byggverket må slettast frå Jordas åsyn.”
• Israels utanriksminister Israel Katz erklærte FNs generalsekretær António Guterres persona non grata.
• Dei israelske forsvarssyrkane (IDF) angreip bevisst franske, italienske og irske soldatar frå FNs interimstyrke i Libanon (UNIFIL).

Kvintessensen::
• Israel vart ikkje skapt av folket sitt, men av arméen sin.
• Den første arabisk-israelske krigen vart ikkje vunnen av israelarane, men av arabarane i Transjordan under britisk kommando.
• Med sitt medlemskap i FN, forplikta Israel seg til å respektere alle FN-resolusjonane, som dei har brote 229 gongar.
• Etter Palestina, Libanon, Syria, Irak, Jemen og Iran, har Netanyahu-regjeringa opna ein åttande front mot Dei sameinte nasjonane (SN/FN).

Oversettelse
Monica Sortland

[1Admission of Israel to membenhip in the United Nations”, Voltaire Network, 11 May 1949.