Dei tordnande erklæringane om definitive og smertefulle angrep frå Iran på Israel og vice versa har vist seg å vere illusoriske. Den varsla katastrofen kom ikkje, men hovudaktørane vart omprioritert. Mennene og kvinnene som har via seg til uavhengigheita til landet sitt og har ofra alt i Gaza, Libanon og Jemen, lyt no omorganisere seg utan støtta frå sine tidlegare sponsorar.
I eit år no har vi vore vitne til stolte erklæringar og truslar frå israelske og iranske autoritetar. Som dresserte kamphanar forsikrar begge partar at vi får sjå kva som skjer, at responsen blir endeleg og smertefull. Men dei to iranske angrepa (Operasjon “Ærleg løfte” den 13. april og 1. oktober) og dei to israelske angrepa (19. april og 26. oktober) har ikkje halde det som var lova. Verken Teheran eller Tel Aviv prøvde å øydelegge strategiske mål hos motstandaren.
For ein månad sidan publiserte eg ein artikkel [1] som fokuserte på dei mange og djupe banda mellom ein del av den iranske herskarklassen og “dei revisjonistiske sionistane” [2]. Eg understreka det faktum at desse gruppene berre er ein veldig liten minoritet i heimlanda sine, sjølv om førstnemnde fleire gongar har har prsidentskapet i Den islamske republikken, og sistnemnde no står i spissen for den jødiske staten. Sjølv om det er vanskeleg å innrømme, er ingen av desse statane eit demokrati, og leiarane deira kan halde talar som er svært verkelegheitsfjerne utan å bli styrta av folket sitt (sjølv om iranarane styrta sjahen for 45 år sidan).
Men dei to arméane nøydde seg ikkje med å tenne fyrverkeri, sjølv om dei hadde fått forbod mot å påføre motstandaren betydeleg skade. Dei brukte missil – bakke-til-bakke for Iran og luft-til-bakke for Israel – til å teste luftvernsystema og prøve å øydelegge desses offensive kapsitet (Iran ved å angripe F-35-flybasen og Israel ved å angripe fabrikkar som produserer fast drivstoff til hypersoniske missil)
No ser det ut til at dei iranske styrkane kan angripe Israel nett kor dei vil, og at verken Israel eller deira allierte i Vesten greier å skyte ned dei hypersoniske missila, om dei har nokon att. Det er mykje meir problematisk for dei israelske luftstyrkane å bombe djupt inn i Iran. Flya deira har betydelege vanskar med å ein gong nå fram til grensene til den islamske republikken for å fyre av sine langtrekkande missil. Men Israel veit at dei kan stole på at US Air Force stiller opp med tankfly som kan sørge for påfylling i lufta undervegs, og på passiviteten til dei sionistiske arabiske regima, det vil seie jordanarane og saudi-arabarane.
På det politiske nivået er det verdt å merke seg at den siste israelske operasjonen (den 26. oktober) vart rettferdiggjort som ein reaksjon på Den palestinske resistansen sitt angrep den 7. oktober, 2023 (Operasjon "Al-Aqsa-flaum"). Tel Aviv kunne ikkje påstå at dei responderte på bombinga den 13. april som var gjengjeld for bombinga av Irans diplomatiske stasjons område i Damaskus den 1. april, som i seg sjølv var eit alvorleg brot på folkeretten. Dei kunne heller ikkje vise til dei iranske bombeangrepa 1. oktober, som var ein reaksjon på drapet på ein utlandsk leiar på iransk territorium (Ismail Haniyeh, den 31. juli) og drapet på general Abbas Nilforoushan i Libanon (då også Hassan Nasrallah vart drepen, den 27. september). Det blir stadig vanskelegare for Tel Aviv å truverdig rettferdiggjere åtferda si med lova i hand: å klandre Iran for det palestinske angrepet den 7. oktober, 2023, vart då ikkje nemnd, og det finst heller ingen nye bevis som kunne tillate det. Det er til og med heilt absurd, sett i lys av doktrinen "Resistans-aksen" til general Qassem Soleimani, som seier at kvar nasjon må handle i full uavhengigheit. Dette er rett og slett ei gjenoppliving av det Vestlege narrativet om at desse nasjonale einingane berre er proksyar for iransk imperialisme.
I Israel vart angrepet den 26. oktober 2024 presentert som straff, eitt år seinare, for “den verste pogromen i historia”, 7.oktober-angrepet (2023).
La oss først slå fast at det å sidestille den palestinske resistansens operasjon mot ei kolonimakt med ein pogrom – altså til ein anti-semittisk aksjon – det er absurd. Det påpeika også Francesca Albanese, FNs spesialrapportør for menneskerettssituasjonen i dei palestinske territoria som har vore okkuperte sidan 1967.
Vidare bør ein merke seg at Israel allereie har markert årsdagen for hendinga. Denne andre datoen refererer ifølge den jødiske liturgiske kalenderen til høgtida Simh’at Torah, som i år fell tre veker etter den i fjor. Men Staten Israel har aldri før påberopt seg den liturgiske kalenderen. Allereie valet av namnet “Staten Israel” då arméen sjølvproklamerte seg den 14. mai, 1948, hadde som mål å unngå å måtte velge mellom “Republikken Israel” (ønska av dei sekuære jødane) og “Kongedømmet Israel” (vald av religiøse jødar). Vi er difor vitne til ei utvikling mot eit akseptert teokrati i “Jerusalem” likt det i Teheran (eg set Jerusalem i hermeteikn her fordi det ikkje er den internasjonalt godkjende hovudstaden til den jødiske staten).
Den iranske haldninga er uforståeleg for landets regionale allierte. Teheran angreip ikkje Israel slik dei hadde kunngjort, og dei nekta å hjelpe Hizbollah. Dei åtvara Vesten på førehand om kva dei skulle gjere, slik at dei kunne avskjere missila, og dei held fram med sine forhandlingar med USA. Med dét sette Teheran sjølv ein stoppar for “Resistansaksen.”
Samtidig pressa Teheran Hizbollah til å velge først Sayyed Hashem Safieddine som etterfølgaren til Sayyed Hassan Nasrallah, deretter sjeik Naim Qassem etter at Safieddine vart drepen. Men Safieddine var framfor alt "Teherans mann" og Qassem er "mullah’anes mann". Same kor respektable dei måtte vere, er ingen av dei i stand til å oppretthalde Hizbollahs uavhengigheit. Den libanesiske Resistansen vil utan tvil halde fram, med eller utan Teheran, og då altså med eller utan Hizbollah.
Den iranske presidenten, Masoud Pezeshkian, isceneset eit vendepunkt for sitt land og erklærer stadig vekk at "viss muslimar er sameinte" (noko dei ikkje er), vil sionistregimet ikkje lenger klare å utføre brotsverk.
Hamas si heilomvending er allereie merkbar. Det er enno ikkje kjent kven som har tatt over for Yahya Sinwar, men mest truleg vil organisasjonen no bli leidd i Gaza av ein hardliner frå Det muslimske brorskapet, Khalil Hayyé. På denne måten vil Hamas igjen bli det dei var før 2017: eit islamistisk politisk parti som kjempar imot det sekulære Fatah (det vil seie, mot andre palestinarar) og ikkje eit motstandsnettverk mot israelsk kolonialisme.
Endå ein gong er vi vitne til ein av desse historiske augeblinka då alliansar blir samanstilte på nytt, der logikken til institusjonane ikkje samsvarer med den til kampsakene dei hevdar dei forsvarer.
[1] “Iran and Israel”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 8 October 2024.
[2] “The veil is being torn: the hidden truths of Jabotinsky and Netanyahu”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 25 January 2024.