EU har informert regjeringa i USA om at dei vil ta det til WTO (World Trade Organization, Verdshandelsorganisasjonen) dersom USA strammar til sin økonomiske blokade av Cuba ved å la kapittel III av Helms-Burton-lova tre i kraft.

USA har annonsert at dei vil ta i bruk kapittel III av Helms-Burton-lova (Cuban Liberty and Democratic Solidarity (Libertad) Act of 1996, "lov om kubansk fridom og demokratisk solidaritet"), og med det autorisere såkalla "kubanar-amerikanarar" å legge fram rettsleg krav på eigedommar som vart konfiskerte etter sigeren til den kubanske revolusjonen i 1959, for 60 år sidan.

Ei implementering av kapittel III, som dannar rammene for lover som regulerer kommersielle og finansielle embargo mot Cuba, vil kunne resultere i kring 200 000 søksmål mot utlandske selskap – hovudsakleg europeiske – som har drift på øya.

I røynda fekk eigarane av all flyttbar og uflyttbar eigedom som hadde blitt nasjonalisert kompensasjon frå den kubanske revolusjonære regjeringa. Men dei som valde å gå i eksil i USA, og også dei US-amerikanske transnasjonale korporasjonane, nekta å godta kompensasjonen, for å halde konflikten med den kubanske revolusjonen i live.

Blant dei selskapa som ville bli mest påverka av ei handheving av kapittel III i Helms-Burton-lova – godkjent av president Bill Clinton – er dei spanske turistkjedane som styrer minst to tredelar av hotella som finst på Cuba. Tidlegare kubanske eigarar som har fått US-amerikansk statsborgarskap ville kunne appellere til US-amerikanske domstolar, som så kunne gi ordre om konfiskasjon av verdiane til europeiske investorar for å kompensere saksøkarane.

I 1996 forhandla EU og Canada seg fram til ein suspensjon frå kapittel III i Helms-Burton-lova med Clinton-administrasjonen. Sidan den gong har dei nye regjeringane i USA stadfesta suspensjonen kvar sjette månad. Men i januar 2019 reduserte Trump-administrasjonen suspensjonsperioden til 45 dagar, og dei er no klare til å oppheve den heilt.

I følge den spanske avisa El País, som fekk tilgang til eit brev frå EU til USAs regjering, seier EUs Høge representant for utanrikssaker, Federica Mogherini, at EU vil måtte ta saka til WTO.

EU sitt brev til Washington, signert av fru Mogherini og Den europeiske handelskommissæren, Cecilia Malmström, understrekar at EU, for å kompensere for skadane på europeiske selskap, skulle kunne gjengjelde med å konfiskere amerikansk eigedom i Europa.

Samtidig kunne eit rettsleg krav frå EU mot USA via WTO opne døra for ein kaskade av liknande søksmål frå dei talrike selskapa som blir råka av dei unilaterale "sanksjonane" som USA no påfører andre land, til dømes Iran.

Oversettelse
Monica Sortland