USA og Israel blir oppfatta som eitt og same. Dei vil begge måtte ta ansvaret for brotsverka sine.

Medan vi har blikket retta mot massakrane på sivile i Israel og Gaza, oppfattar vi ikkje den indre splittinga i Israel og USA, eller dei betydelege endringane dette dramaet framprovoserer i resten av verda. For første gong i historia blir sivile massakrerte på direktesendt tv.

Overalt – unntatt i Europa – går jødar og arabarar ihop om å rope ut smerta si og be om fred. Folk over heile verda innser at dette folkemordet ikkje hadde vore mogleg dersom USA ikkje hadde forsynt den israelske arméen med bomber i sanntid.

Statar overalt kallar tilbake ambassadørane sine frå Tel Aviv og vurderer å trekke tilbake dei dei har sendt til Washington.

USA gjekk berre motvillig med på dette spektakkelet, men dei både tillet det og mogleggjorde det med subsidiering og våpen. Dei er no redde for å miste makta si etter nederlaget dei leid i Syria, nederlaget i Ukraina og kanskje snart også eit nederlag i Palestina. Viss imperiets arméar ikkje lenger skremmer, kven vil då fortsette med å bruke dollar i transaksjonane sine i staden for sin eigen valuta? Og korleis skal i så fall Washington få andre til å betalse for USA sin pengebruk, korleis skal USA oppretthalde levestandarden sin?

Men kva skjer til slutt i denne historia? Ein revolt i Midtausten, eller at Israel knusar Hamas til ein pris av tusentals liv?

Vi vil hugse at president Joe Biden først oppmoda Israel til å gi opp planen sin om å flytte det palestinske folket til Egypt eller, dersom dét skulle feile, å utslette dei. Men Tel Aviv lydde ikkje.

Dei "jødiske suprematistane" ter seg i dag slik dei gjorde i 1948.

Då Dei foreinte nasjonane (FN) røysta for å opprette to føderale statar i Palestina, ein hebraisk og ein arabisk, proklamerte dei væpna styrkane sjølve den hebraiske staten, før statens grenser hadde blitt fastlagt. Dei "jødiske suprematistane" fordreiv straks millionar av palestinarar frå heimane deira ("Nakhba") og myrda spesialutsendingen frå FN som hadde kome dit for å opprette ein palestinsk stat. Dei sju arabiske arméane (Saudi-Arabia, Egypt, Irak, Jordan, Libanon, Syria og Nord-Jemen) som prøvde å opponere, vart raskt sveipte bort.

I dag lyder dei ikkje lenger sine beskyttarar og massakrerer igjen, utan å skjøne at denne gongen er heile verda tilskodarar og ingen vil kome og redde dei. På eit tidspunkt då sjiittane hadde akseptert prinsippet om ein hebraisk stat, sette galskapen deira alt på spel, og no er sjølve eksistensen til staten trua.

Vi hugsar korleis Sovjeunionen kollapsa. Unionen greidde ikkje å beskytte befolkninga sin under ei katastrofal ulykke. 4000 sovjetarar døydde på atomkraftverket i Tsjernobyl (1986) medan dei redda sine medborgarar. Dei overlevande spurde seg korfor dei heldt fram med å akseptere eit autoritært regime 69 år etter Oktoberrevolusjonen. Mikhail Gorbatsjov, KPSUs generalsekretær, har skrive at det var først då han såg denne katastrofa at han innsåg at regimet hans var trua.

Så kom desember-opprøra i Kasakstan, demonstrasjonar for uavhengigheit i dei baltiske statane og Armenia. Gorbatsjov endra Grunnlova for å få fjerna den eldre garden frå partiet. Men reformane hans var ikkje nok for å stoppe brannen som spreidde seg til Aserbajdsjan, Georgia, Moldavia, Ukraina og Belarus. Dei austtyske ungkommunistane sitt opprør mot Bresjnev-doktrinen førte til at Berlin-muren fall (1989). Oppsmuldringa av makta i Moskva førte til innstilling av hjelpa til allierte, inkludert Cuba (1990). Til sist kom oppløysinga av Warszawa-pakta og unionens oppbrot (1991). På berre litt over 5 år hadde eit imperium som alle trudde ville vare evig, kollapsa.

Denne uunngåelege prosessen har nett starta for "det amerikanske imperiet". Spørsmålet er ikkje kor langt Benjamin Netanyahu’s "revisjonistiske Sionistar" kjem til å gå, men kor langt dei US-amerikanske imperialistane kjem til å støtte dei. Når vil Washington kjenne at dei har meir å tape på å la palestinske sivile bli massakrerte enn på å korrigere Israels leiarar?

Det same problemet møter dei i Ukraina. Den militære motoffensiven til Volodymyr Zelenskys regjering har feila. Russland prøver ikkje lenger å øydelegge ukrainske våpen, som straks blir erstatta med våpen donerte av Washington, men i staden å ta livet av dei som brukar dei. Russiske hærstyrkar ter seg som ei gigantisk kjøtkvern som sakte men sikkert drep alle ukrainske soldatar som nærmar seg dei russiske forsvarslinjene. Kiev greier ikkje lenger mobilisere krigarar, og soldatane deira nektar å lyde ordrar som dømmer dei til den visse død. Offiserane deira har ikkje anna val enn å skyte pasifistane.

Mange av leiarane i USA, Ukraina og Israel snakkar allereie om å erstatte koalisjonen til dei "integrale nasjonalistane" i Ukraina med ein koalisjon av "jødiske suprematistar", men det går ikkje no, midt i krigen. Men det må bli gjort.

President Joe Biden lyt erstatte sin ukrainske marionett og sine barbariske israelske allierte, nett slik generalsekretær Mikhail Gorbatsjov laut erstatte sin insensitive representant i Kasakhstan, noko som opna vegen for brei dissens mot korrupte leiarar. Når Zelensky og Netanyahu har fått sparken, vil alle vite at det er mogleg å ta hovudet til ein Washington-representanr, og alle vil vite at dei må flykte før dei blir ofra.

Denne prosessen er ikkje berre uunngåeleg, den er ubønhøyrleg. President Joe Biden kan berre gjere det han kan for å seinke den, for å få den til å vare, ikkje stoppe den.

Folka og leiarane i Vesten må no ta initiativ til å kome seg ut av denne knipa utan å vente på å bli overgitt, slik Cuba vart og som endte deira "spesialperiode". Det hastar: den siste som reagerer vil måtte ta rekninga for alle. Mange statar frå "resten av verda" flyktar allereie. Dei står i kø for å kome inn i BRICS eller Shanghai Cooperation Organization (SCO).

Endå meir enn Russland, som måtte bryte laus frå dei baltiske statane, må USA førebu seg på oppstandar på heimebane. Når USA ikkje lenger greier å sette igjennom dollaren i den internasjonale handelen, og levestandarden deira kollapsar, då vil dei fattigare regionane nekte å lyde, medan dei rikare vil ønske å bli uavhengige, i første omgang republikkane Texas og California (dei einaste som har juridisk rett til det) [1]. Samanbrotet til USA vil truleg føre til borgarkrig.

Når USA forsvinn, vil også NATO og EU forsvinne. Tyskland, Frankrike og Storbritannia vil atter byrje rivalisere seg imellom, etter å ha forsømt å reagere då tida var inne for det.

I løpet av få år vil Israel og "det amerikanske imperiet" forsvinne. Dei som set seg opp imot historias gang vil forårsake krigar og unødvendig død.

Oversettelse
Monica Sortland

[1Det blir uunngåelig med borgerkrig i USA”, av Thierry Meyssan, Oversettelse Ingunn Kvil Gamst, Voltaire Network, 21 décembre 2020.