Det Europeiske parlamentet vil den 12. juli, 2016, sannsynlegvis vedta ein resolusjon om «EUs strategiske kommunikasjon».

På initiativet til Zbigniew Brzeziński og fleire polske figurar, som allereie har starta eit «initiativ for informasjonskrig» mot Russland i hjertet til senteret for analyse av europeisk politikk, Center for European Policy Analysis (CEPA) i Washington, har NATO etablert eit senter for strategisk kommunikasjon i Latvia, og EU vil mest sannsynleg velge ein liknande struktur.

Ideen er å sentralisere alt arbeidet med medie-manipulasjon, som hittil har vore delt opp i felt som psykologisk krigføring, propaganda osv.

Det opprinnelege programmet var kun retta mot Russland. Men i løpet av dei siste månadane har dei lagt til ein komponent mot Daesh (same som ISIS) (ikkje mot Jihadisme, heilag krig).

I dei interne dokumenta til NATO og EU, var vi overraska over å lese at ein av forfattarane til Voltaire Network var ein av leiarane innan russisk propaganda i Europa; eit teikn på at anti-russisk arbeid ikkje er veldig seriøst.

På noverande tidspunkt har EU ei arbeidsgruppe for strategisk kommunikasjon mot aust (East StratCom Task Force), ei avdeling under Tenesta for ekstern aksjon (European External Action Service (EEAS)). Denne cella sender e-post-meldingar to gonger i veka til mange hundre journalistar for å få putta inn sine artiklar for å diskreditere russiske media.

Trass eit svært budsjett for sponsing av media, er Unionen spesielt bekymra for å tape kontrollen over Euro-nyhenda og over å bevitne utviklinga til Sputnik og RT sitt publikum.

Resolusjonen om å skape ei veritabel teneste for strategisk kommunikasjon innanfor Unionen vil bli introdusert gjennom ein rapport av den tidlegare polske utanriksministeren, Anna Fotgya Elzbieta.

Oversettelse
Monica Sortland