På måndag den 27. juni, 2016, møttest USAs utanriksminister, John Kerry, og generalsekretæren i NATO, Jens Stoltenberg, i Brussel. Dei to menna har lagt siste hand på verket og finpussa detaljane for NATO-toppmøtet som skal finne stad i Warszava den 8. og 9. juli og – viktigare – for toppmøtet til Europarådet den 29. juni.

President Obama garanterte for hr. Stoltenberg sin invitasjon til Europarådet , som vil diskutere reaksjonane på Brexit. Washington ønsker å for ein kvar pris unngå at Storbritannia sin bortgang som EU-medlem skal utløyse ei utmelding frå NATO óg.

«NATO har blitt endå viktigare som plattform for samarbeid mellom Europa og Nord-Amerika, men også for samarbeid om forsvar og trygging mellom NATO sine europeiske medlemsstatar. NATO – EU-samarbeid har alltid vore viktig, men det er endå viktigare no etter beslutninga som Storbritannia har tatt», erklærte Jens Stoltenberg.

Oversettelse
Monica Sortland