European External Action Service danna i 2015 East StratCom Task Force, ei avdeling med oppgåve å kjempe imot desinformasjon frå dei russiske hemmelege tenestene. Dei driv ei nettside, EUvsDisinfo.eu, og sender kvar veke e-postar til EU-journalistar for vidarespreiing av sin glade bodskap. Vi har allereie skrive om at denne avdelinga er knytt til NATO Communication Centre i Riga [1].

Denne avdelinga har nett åtvara journalistar i EU og elles alle som abonnerer på nyheitsbrevet deira [2] om at artikkelen vår frå 31. mars, "Putchists in the Shadow of the Coronavirus" [3], er russisk desinformasjon [4].

pastedGraphic.png For det første er vi forbanna over å dukke opp på ei av EU sine offisielle nettsider som ansvarlege for å spreie russisk desinformasjon – og det er ikkje første gong. Vi har ikkje noka tilknytning til russiske autoritetar, heller ikkje med andre land sine. Dette er rein baksnakking.

pastedGraphic.png For det andre er EUs motbevis avgrensa til å oppgi at arbeidet vårt skulle vere: «Ei overdriven tolking av ein Newsweek-artikkel frå midten av mars. Newsweek skildrar rolla til USAs militære dersom den politiske leiarskapen skulle bli gjort arbeidsudyktig.» Men vi har sitert delar av artikkelen til William Arkin utan å forvrenge den, og analysert informasjonen hans i lys av andre uomstridne artiklar. Det er perspektivet som samanstillinga av all denne informasjonen gir som irriterer EU.

Hittil har dei offentlege styresmaktene finansiert private initiativ sitt arbeid med å diskreditere dissident-kjelder. Det er t.d funksjonen til avisa Le Monde sin Decodex [5]. No handlar det om å ta eit steg lenger og anklage dei for forræderi.

For å skille mellom sant og usant, bruk din kritiske sans!

NewsGuard, eit New York-basert selskap skapt for å evaluere truverdet til ulike nettsider og legge til merknadar i søkemotorane, kontakta oss og spurde først kva for slags relasjonar vi hadde til den syriske staten, og deretter kva vi «meinte om denne kritikken».

NewsGuard er svært nøytrale. Styret deira er hemmeleg, men rådgivarane deira inkluderer ein av medgrunnleggarane av Wikipedia (Jimmy Wales) samt tidlegare direktør for CIA og NSA (general Michael Hayden), tidlegare generalsekretær for NATO (Anders Fogh Rasmussen), tidlegare minister for Homeland Security (Tom Ridge) og tidlegare viseminister i utanriksdepartementet for offentleg diplomati – dvs. Propaganda (Richard Stengel) [6].

NATO beskyttar EU gjennom europeiske traktatar. Med andre ord er EU berre den sivile parten av ein heilskap der NATO er den militære parten.

Etter mange forsøk på å kidnappe eller ta livet av ein i staben min og meg i fire ulike land, har vi all grunn til å tru at det var Atlanterhavsalliansen som fleire gongar overfylte eller til og med hacka nettsida vår. Opponentane våre ser ut til å ha gått tilbake til ikkje-dødelege metodar: løgner of baksnakk.

Krigspropaganda er ein tre-fase-prosess der ein skaffar støtte for saker folk normalt ville vere imot:
 Første steg er å blande usant med sant samstundes som ein anklagar dei som fortel sanninga for å ta feil eller lyge (fake news).
 Andre steg er å avvise alle avvikande røyster og såleis skape inntrykk av einstemmigheit rundt den manipulerte sanninga. No blir dissidentane ikkje lenger galne våsemakarar, men forrædarar.
 Det tredje steget går ut på å presse målgruppa til å praktisere symbolsk toleranse for den nye ideologien.

Eit steg har nett blitt tatt.

Oversettelse
Monica Sortland

[1Nato-kampanjen mot ytringsfriheten”, av Thierry Meyssan, Oversettelse Ingunn Kvil Gamst, Voltaire Network, 18 décembre 2016.

[2Subscribe

[3Putchists in the Shadow of the Coronavirus”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 31 March 2020.

[4Disinfo: The bankers and the military prepare a takeover in the US”, EUvsDisinfo.eu, April 30, 2020.

[5Nato and the European Union are behind Decodex”, Translation Anoosha Boralessa, Voltaire Network, 16 February 2017. “The truth about « fake news »”, by Thierry Meyssan, Translation Pete Kimberley, Voltaire Network, 16 January 2018. “Sanninga om «fake news»”, av Thierry Meyssan, Oversettelse Monica Sortland, Voltaire Network, 22 janvier 2018.

[6Our Advisory Board”, NewsGuard, consulted May 3, 2020.