Admiral Guan Youfei (sjef for det nye Kinesisk byrå for internasjonalt militært samarbeid) sitt besøk i Syria vart gjort i samband med eit møte mellom alle landa i regionen, men skapte likevel ei viss otte i Vesten. Hittil, i følge den signerte avtalen, har den kinesiske hæren rett og slett gått med på å trene syriske soldatar frå dei medisinske tenestene i Kina. Men alle forstår at denne avtalen skjuler noko meir, sidan halvparten av Syria sine militære legar gjennom dei siste fire åra har fått opplæring i Kina. Sjølv om vi ikkje veit kva som eigentleg har blitt avgjort, så markerer avtalen ei strategiendring.

Sant å seie har Folkerepublikken Kina dei siste fem åra nekta å engasjere seg i noka form for samarbeid som Washington skulle kunne tolke som militær støtte. Såleis har dei ikkje berre nekta å levere våpen, men også sivilt materiell som er uunnverleg for denne krigen, slikt som tunnell-detektorar.

Uavhengig av den svært viktige økonomiske assistansen som Beijing har tilbydd, vil alle hugse at Russland slutta ein identisk avtale med Syria i byrjinga av 2012 der dei varsla sin militære assistanse tre og eit halvt år seinare. Så førebur også Kina ei slik utviding?

Det er muleg at svaret vil avhenge av tempoet på USAs utstasjonering i Kinahavet og provokasjonane til dei allierte av Washington i regionen.

Kina sine interesser i Syria daterer seg frå oldtida og middelalderen. Silkevegen kryssa sentral-Asia gjennom Palmyra og Damaskus før den vende mot Tyros og Antiokia. Der finst svært få spor att frå dette eldgamle kommersielle samarbeidet utanom pagoden som framleis er synleg i mosaikken i Umayyad-moskéen, eller Den store moskéen i Damaskus. President Xi gjorde gjenopprettinga av denne kommunikasjonslinja (og opprettinga av ein andre veg gjennom Sibir og Europa) til hovudsaka i sitt mandat.

Den andre hovudinteressa til Beijing er kampen til Det islamske partiet i Turkestan, som slo seg saman med al-Qaida og deretter Daesh (ISIS). I dag er det ein uigurisk bydel i Ar-Raqqah (Rakka), og ISIS publiserer ei avis spesielt retta mot sine medlemmar.

Medlemmane av denne gruppa er knytte til Naqshbandi-ordenen, eit sufi-samfunn som hadde den tidlegare stor-muftien av Syria, Ahmad Kuftaru, som leiar. Nokre av losjane i denne ordenen var knytte til Den muslimske brorskapen i 1961, under påverknad frå dei anglo-saxiske hemmelege tenestene, CIA og MI6. Dei deltok i danninga av Den muslimske verdsligaen via Saudi-Arabia i 1962. I Irak organiserte dei seg rundt Izzat Ibrahim al-Douri og støtta statskuppforsøket til den syriske Muslimske brorskapen i 1982. I 2014 sende dei 80 000 krigarar til styrking av ISIS. I Tyrkia danna Naqchbandiane Millî Görüş der [Tyrkias statsminister] Recep Tayyip Erdoğan var ein av leiarane. Det var denne gruppa som på 1990-talet organiserte islamistiske rørsler i russiske Kaukasus og Xinjiang-regionen i Kina.

Til og med meir enn russarane, treng kinesarane etterretning om dette nettverket og korleis det er kontrollert av Washington og London. I 2001 trudde dei – feilaktig – at anglo-saxarane hadde endra seg etter angrepa 11. september, og at dei ville samarbeide med Shanghai Cooperation Organisation om å bekjempe terrorisme. I dag veit dei at Syria er ein autentisk fredsven.

Oversettelse
Monica Sortland
Kilde
Al-Watan (Syria)