Avisa New York Times skaut ut torpedoen: skuldinga om at Moskva hadde brote traktaten om nukleære mellomdistanserakettar (INF) [1]. Og denne har treft målet sitt: å intensivere spenningar i relasjonen mellom USA og Russland, trenere eller blokkere forhandlingar om avtalen som Trump ymta om under valkampen. Torpedoen har Obamas signatur. For det var han som i juli 2014 (rett etter kuppet på Maidan-plassen og den følgande krisa i forholdet til Russland) skulda Putin for å ha testa ein nukleær kryssarrakett kalla SSC-X-8 og dermed brote INF-avtalen av 1987 som forbyr utstasjonering av landrakettar med rekkevidde mellom 500 og 5500 km.
I følge anonyme kjelder i det US-amerikanske etterretningsvesenet, har to russiske bataljonar allereie blitt væpna, kvar av dei med fire mobile utskytingsramper og 24 rakettar med atomstridshovud.
Før han gjekk av som øvstkommanderande for dei allierte styrkane i Europa (Supreme Allied Commander in Europe) i fjor, åtvara general Philip Breedlove om at utplassering av denne nye russiske raketten «ikkje kan passere utan respons». Men han sa framleis ingenting om det faktum at NATO har utstasjonert i Europa kring 700 US-amerikanske, franske og britiske atomstridshovud mot Russland; nesten samtlege klare til utskyting 24/7. Og gradvis ekspanderande austover, inkludert til delar av den tidlegare Sovjetunionen, har NATO trekt sine styrkar gradvis nærare Russland.
Det var i konteksten av ein slik strategi at Obama-administrasjonen tok avgjerda om å erstatte dei 180 B-61-atombombene – installert i Italia (50 ved Aviano og 20 ved Ghedi-Torre), Tyskland, Belgia, Holland og Tyrkia – med B-61-12. Sistnemnde er dei nye atomvåpna, kvart av dei med fire alternativ ein kan velge mellom utifrå kva mål ein ønsker å treffe. Dei har kapasitet til å penetrere terrenget for å øydelegge kommandosenter-bunkrar. Eit program til 10 milliardar dollar, gitt at kvar B61-12 vil koste meir enn si eiga vekt i gull.
Samtidig har USA bygd den første landbaserte rakettbataljonen i Romania til «anti-rakett-forsvar». Denne vil bli følgd av ein annan i Polen, med Aegis-rakettar som allereie er installerte om bord i fire US-amerikanske krigsskip stasjonerte i Middelhavet og Svartehavet. Dette er det såkalla «skjoldet», som tener til å angripe, heller enn å forsvare: om dei skulle klare å realisere det, skulle USA og NATO halde Russland under trusselen om nukleært førsteangrep, trygge på at «skjoldet» deires skulle klare å nøytralisere represaliane. Vidare er Lockheed Martins system med vertikal utskyting (Mk 41), installert i skipa og på basen i Romania, i stand til å skyte ut «missilar for einkvar misjon», inkludert slikt som å «angripe landmål med Tomahawk kryssarrakettar» som også kan ladast med atomstridshovud.
Moskva har åtvara om at desse bataljonane, som også er kapable til å skyte ut atomrakettar, utgjer eit brot på INF-avtalen.
Kva vil EU gjere i dette scenariet? Medan dei gnålar vidare om at dei arbeider for atomnedrustning, unnfangar dei i sine politiske sirklar det New York Times kallar «ein idè som før har vore utenkbar: eit EU-atomvåpenprogram». I ein slik plan skulle det franske atomvåpenarsenalet bli «omprogrammert til å verne resten av Europa og plassert under ein felles europeisk kommando», som skulle finansierast gjennom eit felles fond. Dette skulle bli gjort «om Europa ikkje lenger ville kunne stole på vern frå USA». Med andre ord, om Trump vel Putin si side og bestemmer seg for å ikkje lenger lagre B61-12 i Europa, skulle EU vurdere å gå for ein nukleær konfrontasjon med Russland.
[1] “Russia Has Deployed Missile Barred by Treaty, U.S. General Tells Lawmakers”, Michael Gordon, New York Times, March 9, 2017.