Presentert i Vesten som realiseringa av eit venlegsinna utopia, er det splitter nye «Rojava» i realiteten ein kolonistat, utforma og sementert i blod av Washington. Denne gongen er planen å drive ut folket i nord-Syria, og erstatte dei med folk som ikkje er fødde der. For å implementere denne etniske utreinsinga har Pentagon og CIA mobilisert stridsmenn henta frå sirklane til det europeiske ekstrem-venstre. Thierry Meyssan avslører dette galskapsprosjektet som har gått føre seg dei siste atten månadane.
«Krig er fred. Fridom er slaveri. Vitløyse er styrke».
George Orwell i 1984
På 1980- og 90-talet var det kurdiske samfunnet ekstremt føydalt og patriarkalsk. Det vart halde i ein tilstand av alvorleg under-utvikling, noko som pressa kurderane til å stå opp imot dei militære diktatura som følgde kvarandre i Ankara. [1]
Det kurdiske arbeidarpartiet PKK var ein marxist-leninistisk organisasjon, støtta av Sovjetunionen, som kjempa imot diktaturet til dei kemalistiske generalane som var medlemmar av NATO. Dei frigjorde kvinner og slutta seg til progressive kampar. Støtta av Hafez al-Assad, sette dei opp ein militær treningsbase på den libanesiske sletta Bekaa, under vern av Den syriske fredsstyrken [Syrian Peace Force], nær leiren til Folkefronten for palestinsk frigjering [Popular Front for the Liberation of Palestine, FPLP].
Gjennom denne perioden kunne ikkje PKK finne ord som var sterke nok for å fordømme «amerikansk imperialisme».
Då SSSR kollapsa hadde PKK fleire enn 10 000 fulltidssoldatar og fleire enn 75 000 reservistar. Denne frigjeringskrigen øydela fleire enn 3 000 landsbyar og sende fleire enn 2 millionar menneske på flukt. Trass det svære offeret, feila dei.
Arrestert i Kenya i 1999 under ei fellesøving med tyrkiske, US-amerikanske og israelske etterretningstenester, vart den historiske leiaren for revolten, Abdullah Öcalan, fengsla på øya Imrali i Marmarahavet. PKK kollapsa, splitta mellom sin fengsla sjef, som dei helst ville ha til fredsforhandlingane, og løytnantane, som hadde fått krigen som livsstil. Der kom nokre fleire terroristangrep, men det var ikkje sikkert om dei ansvarlege var stridmenn som nekta å avvæpne seg, eller ein fraksjon av gendarmeriet, JITEM [Gendarmerie Intelligence and Counter-Terrorism] som heller ikkje ville godta våpenkvile.
I starten av «den arabiske våren» bygde Abdullah Öcalan frå cella si opp att PKK kring den nye ideologien. Etter hemmelege forhandlingar med NATO i Imrali-fengselet gav han opp marxist-leninismen til fordel for fritt sjølstyre [«libertarian municipalism»]. Denne mannen, som alltid hadde kjempa mot Tyrkia for å bygge sin eigen stat, Kurdistan, trudde no på at kvar stat i seg sjøl er eit verkty for undertrykking. [2]
Dei militante i PKK, som hadde blitt tvungne til å flykte frå Tyrkia under borgarkrigen, hadde funne tilflukt i nord-Syria [3]. I namnet til følgarane sine hadde Öcalan lova skriftleg at han aldri ville legge ned krav på syrisk territorium. I 2011, i starten av Vestens krig mot Syria, danna kurderane militsar til forsvar av landet som hadde gitt dei ly og syrisk statsborgarskap.
Men den 31. oktober 2014 deltok Salih Muslim – ein av medpresidentane for YPG, den syriske greina av PKK – i eit hemmeleg møte i Elysées-palasset saman med Frankrikes president Francois Hollande og hans tyrkiske motsvarande Recep Tayyip Erdogan. Der vart han lova at han skulle bli statsoverhovud dersom han gjekk med med på å gjenskape Kurdistan ... i Syria.
Straks tibaud Den internasjonale koalisjonen, som USA nyleg hadde skapt for å, påstod dei, yte mostand mot ISIS, støtte til YPG, forsyning av pengar, trening, våpen og overvaking. All fordømminga av US-amerikansk imperialisme blei gitt opp, sidan Washington no hadde blitt ein slik verdig alliert. Den kurdiske organisasjonen starta å utvise dei opprinnelege innbyggarane frå regionane dei hadde valt ut for seg sjølve.
Sidan det så langt ikkje hadde vore noko militært engasjement av YPG mot IS, så iscenesette USA ein frykteleg konfrontasjon ved Aïn al-Arab, for tilfellet omdøypt med det nord-kurdiske (kurmanji) namnet Kobane. Den internasjonale pressa var invitert til å dekke hendinga utan risiko. Byen Kobane ligg ved den syrisk-tyrkiske grensa, og journalistane kunne følge kampane frå Tyrkia – med kikkert. Vi veit ikkje kva som eigentleg hende i Aïn al-Arab, sidan pressa ikkje fekk løyve til å gå inn i byen. Men vi har våre eigne bilde filma med telelinse, og dei tydeleg stadfester tydeleg historiene om brutaliteten i kampane. Uansett konkluderte Vesten samstemmig med at kurdarane var dei allierte som dei trengte for å nedkjempe IS i Syria.
Den vestlege pressa forsikrar oss om at halvparten av dei kurdiske soldatane er kvinner, og dette er også, etter vedtektene, halvparten av leiarane i PKK/YPG. Men ute i felten er dei sjelden til stades. Journalistar stadfester og at dei forferdar jihadistane som ser det som ei forbanning å døy for handa til ei kvinne, då det forbyr dei tilgang til paradis. Merkeleg nok verkar den same pressa ignorere det faktum at også Den syriske arabiske armè inkluderer kvinne-bataljonar, som jihadistane angrip med same raseri som deira motsvarande mannlege solatar.
Sjøl om det ser slik ut. er ikkje YPG så talrike som dei hevdar. Mange syriske kurderar ser på USA som ei fiendemakt, og Syria som sitt nye heimland. Dei nektar å vere tilhengarar av fantasiane til Salih Muslim. Så Pentagon har lagt til talet på «sine» kurderar ikkje berre nokre arabiske og assyriske leigesoldatar, men framfor alt militante frå det europeiske ekstrem-venstre.
På same måten som CIA har innrullert titusentals unge vestlege muslimar for å skape islamistar av dei, på same måten har dei rekruttert europeiske anarkistar til å skape Dei internasjonale brigadane etter modell av dei som kjempa i 1936 i Barcelona mot fascistane. Vi kan også finne YPG/NATO-hjelpetroppar, slike som International Antifascist Batallion (sentral-Europa), Bob Crow Brigade (engelsk og irsk), Henri Krasucki Brigade (fransk), International Revolutionary People’s Guerilla Forces (Amerika), Revolutionary Union for Internationalist Solidarity (gresk), Unity of the Marxist-Leninist Party (spansk) og alle dei pro-amerikanske tyrkiske fraksjonsgruppene (DK, DKP, MLSPD-DC, PDKÖ, SI, TDP, TKEP/L, TKPML), for å nemne berre dei mest synlege. [4]
Slaget om Aïn al-Arab som var tenkt å gjere dei unge syrarane venlegsinna mot unge kurderar over Kalifatet, kosta på begge sider livet til unge europearar på leit etter ei betre verd. Dei europeiske landa er bekymra over den eventuelle returen til unge jihadistar til deira heimland, men ikkje over returen til unge anarkistar, sjøl om desse er akkurat like farlege. Dette er kanskje fordi det er svært mykje lettare å manipulere dei sistnemnde, og resirkulere dei inn i neste kapittel av dei imperialistiske eventyra.
I juni 2015 mottok People’s Demokratic Party (HDP), eit nytt politisk uttrykk for PKK, rikeleg med finansiell støtte og CIA-overvaking, då dei stilte mot Recep Tayyip Erdogans AKP i valet. Brått braut dei gjennom grensa på 10% av stemmene, som dei trengte for å kome inn i parlamentet, og vann 80 representantar.
I mars 2016 proklamerte YPG autonomi for «Rojava», som er den landstripa som bind saman irakisk Kurdistan med Middelhavet, langs den syrisk-tyrkiske grensa, men berre på syrisk side. «Rojava» inkluderer derfor delvis Idleb-sona, som for tida er okkupert av al-Qaida.
Ettersom denne staten erklæres av folk som ikkje er fødde der, til skade for dei opprinnelege bebuarane, er det eit kolonialistisk prosjekt som kan samanliknast med sjølverklæringa av Israel i Palestina, til jødar som hadde kjøpt land der. Namnet «Rojava» vart valt for å skille territoriet frå «Kurdistan» i Tyrkia som vart erklært i 1920 av Sèvres-konferansen [5].
No når Emiratet til al-Qaida i Idleb og Kalifatet til ISIS i Rakka raskt skrumpar inn, følger NATO planen sin med å drive bort Den syriske arabiske republikken, og har til hensikt å skape Kameshli-«Rojavaen».
Den vestlege pressa stirrar hypnotisert på dette «Rojava», drapert i alle dei moderne dygdene – pasifistisk, egalitær, feministisk, miljøvernande, positiv til kjønsskifte osv [6]. Det betyr ingenting at YPG faktisk er ein hær. Det betyr ingenting at desse kjempar mot dei historiske innbyggarane av nord-Syria, arabarane og assyrarane, for på papiret har dei skapt Dei Demokratiske Styrkane.
I Syria kjempar dei europeiske anarkistiske brigadane under US-amerikansk kommando.
«I Syria kjempar Dei europeiske anarkistiske brigadane under US-amerikansk kommando.*»
Programma til syriske YPG og tyrkiske HDP er på linje med US-amerikansk militærstrategi. Sidan 2001 har Pentagon drive planlegging for ei midlertidig «remodellering av det større Midt-Austen», med andre ord oppdelinga av store statar til små, homogene statar som ikkje er i stand til å yte motstand. På lengre sikt planlegg dei å gå imot dei, den eine mot den andre, til dei har fått regionen i ein tilstand av gamalt kaos.
«Rojava» vart ikkje erklært som ein uavhengig stat fordi, i følge den nye Öcalan, einkvar «nasjons-stat» er vond i seg sjøl. I følge NATO er det heilt enkelt ein autonom stat som vil måtte gå i hop med andre autonome statar, slike som dei som vil ta plassen til nasjons-staten Syria med det same denne har blitt styrta. I følge den for tida viktigaste teoretikaren på emnet «suverenitet» [«municipalism»], amerikanaren Murray Bookchin, må frie samfunn vere homogene for å fungere som demokrati. Det er derfor «pasifistiske» YPG no held fram med den etniske utreinsinga i «Rojava».
QED. (Q. E. D. er en forkortelse av den latinske frasen «quod erat demonstrandum» (ordrett oversatt til norsk: «hvilket skulle demonstreres/bevises) overs.)
[1] Blood and belief : the PKK and the Kurdish fight for independence, Aliza Marcus, New York University Press, 2007.
[2] The Political Thought of Abdullah Öcalan: Kurdistan, Women’s Revolution and Democratic Confederalism, Abdullah Öcalan, Pluto Press, 2017.
[3] The Kurds in Syria: the forgotten people, Kerim Yildiz, Pluto Press, 2005.
[4] “LGBT Brigades In Syria? Western Anarcho-Leftists Cutting Their Teeth With Western-Backed Kurdish YPG”, Brandon Turbeville, Activist Post, July 27, 2017. “Le Rojava, un califat d’extrême gauche ? Réseaux "antifascistes" et terrorisme : le laboratoire kurde”, Observatoire des extrêmes de gauche, 16 août 2017.
[5] “Kurdistan-prosjektene”, av Thierry Meyssan, Oversettelse Ingunn Kvil Gamst, Voltaire Network, 7 septembre 2016.
[6] The PKK: Coming Down From the Mountains, Paul White, Zed Books, 2015. Revolution in Rojava: Democratic Autonomy and Women’s Liberation in the Middle East, Michael Knapp & Ercan Ayboga & Anja Flach, Pluto Press, 2016.