Medan den atlantistiske pressa held fram med å projisere dei kunstige debattane som Hillary Clinton dreiv under kampanjen over på Donald Trump, og ropa etter å myrde den valde presidenten blir stadig fleire, førebur Trump seg på å endre paradigmet og vrake den puritanske ideologien som har dominert landet hans i to hundreår. Men kan han lykkast?
Den internasjonale Pressa arbeider med å overbevise oss om at velgarane til Donald Trump har vist ein revolt blant dei kvite arbeidarklassane mot elitane. Men eigentleg berre forlengar dei bodskapen til Hillary Clinton som desse velgarane spesifikt avviste. Dei nektar å ta omsyn til at splittinga ikkje har noko å gjere med dei emna ho tok opp i valkampanjen.
Og likevel har vi alle sett eit nytt brot kome til syne, ikkje mellom dei to hovudpartia, men midt i hjartet på kvart av dei. Mange av leiarane hos Republikanarane støtta Clinton, og mange av leiarane hos Demokratane støtta Trump. Bernie Sanders har til og med hatt møte med han for å tilby sine tenester. Heller ikkje gir analysen av stemmer i forhold til lojalitetar hos diverse samfunnsgrupper (kvinner, spanskætta, afro-amerikanarar, muslimar, homofile og så bortetter) noka meining lenger. Endå vi vart oversvømte med ideen om at ei stemme for Trump var ei stemme for hat mot minoritetar, så stemte minst ein tredjedel av desse minoritetane på han.
Nokre av journalistane prøvde å basere kommentarane sine på ein Brexit-presedens, sjølv om dei var like overraska av den avgjerda, og akkurat like lite i stand til å forklare den. Om vi skal analysere utanlandsk presedens, må vi i det minste ta omsyn til dei overraskande vala av Narendra Modi i India og Rodrigo Duterte på Filippinane (ein gamal US-amerikansk koloni).
Til trass for propagandaen, så stemte ikkje britane mot europearane; heller ikkje stemte indarane mot muslimane, eller filippinarane mot kinesarane. Tvert imot så håpar kvart og eitt av desse folka berre å redde kulturen sin og leve i fred. Sjølv om han bar ansvaret for dei anti-muslimske opprøra i Gujarat i 2002, så tilbaud Narendra Modi handa si til Pakistan, overbevist om at problema mellom dei to landa hadde vore organiserte og oppretthaldne av kolonimaktene. På same måte skapte Rodrigo Duterte undring då han søkte tilnærming til den kinesiske «fienden».
For nokre veker sidan forklarte eg på desse sidene at kløfta som splittar USA ikkje er bestemt av verken etnisk lojalitet eller sosial klasse, men av den puritanske ideologien [1]. Dersom denne forklaringa stemmer, så bør vi framover bli vitne til ein eksistensiell kamp ført av denne ideologien sine støttespelarar mot Trump-administrasjonen. Alt den nye presidenten prøver seg på, vil bli systematisk sabotert. Allereie viser dei sporadiske demonstrasjonane mot valresultatet at taparane ikkje har til hensikt å respektere dei demokratiske spelereglane.
Heller enn å tenke på korleis vi skal profitere på Trump-administrasjonen, bør vi spørre oss sjølve korleis vi kan hjelpe han til å lykkast i å fri landet sitt frå sin eigen imperialisme, for å gjere ende på ei éinpola verd og «Wolfowitz-doktrinen» – eller korleis vi kan byte ut konfrontasjon med samarbeid.
Medan Pressa i USA spekulerer på mulege nominasjonar av personar frå Bush-administrasjonen til Trump-administrasjonen, bør vi imøtesjå den politiske rolla som dei kommersielle utøvarane i Trump Organisation vil måtte spele. Dei er dei einaste han kan stole på.
Vi bør også ta omsyn til general Michael T. Flynn, som til trass for at han er Demokrat var ein av Trump sine viktigaste rådgjevarar på emnet utanrikspolitikk og forsvar i valkampen. Som ’Commander’ i militær-etterretninga frå første Geneve-konferanse til Daesh (ISIS, IS) tok Irak, har han aldri slutta å motsette seg president Obama, utanriksminister Clinton, generalane David Petraeus og John Allen, og Jeffrey Felman, gjeldande bruken av jihadistar og terrorisme for å oppretthalde US-amerikansk imperialisme. Enten det blir som rådgjevar i National Security, CIA-direktør eller forsvarsminister, vil han bli den beste allierte for fred i Levanten.
[1] “United States – reformation or fracture?”, by Thierry Meyssan, Translation Pete Kimberley, Voltaire Network, 26 October 2016.