For Thierry Meyssan er Boris Johnson sin politikk heilt i samsvar med britisk historie. Om vi viser til skriveria til den britiske statsministeren og ikkje til kampanjekommentarane hans, er han mykje meir styrt av frykta for ein ny kontinental overnasjonal stat enn av noko ønske om økonomisk sjølvstende.
Under oppløysinga av Sovjetunionen (SSSR), prøvde Frankrike og Tyskland å halde på sin plass i verda ved å løyse storleiksproblemet sitt i høve til giganten USA. Dei tok ei avgjerd om å gjenforeine dei to Tyskland og smelte saman i ein overnasjonal stat: EU. Rusta med sine erfaringar kring internasjonalt samarbeid, tenkte dei det skulle gå an å bygge denne overnasjonale staten, trass utanriksminister James Baker sitt diktat om tvungen utviding mot aust.
Under debattane om Maastricht-traktaten stilte gaullistane «europeisk overnasjonalisme» opp imot «sjølvråderett». Dei likestilte det nasjonale rammeverket med demokrati og den europeiske dimensjonen med byråkrati. I motsetning til dette byrja president François Mitterrand og kansler Helmut Kohl, for å overvinne motstanden deira, å forveksle demokratisk suverenitet (berre folket er suverent) med nasjonalistisk suverenitet (nasjonen er det einaste kjente rammeverket for utøving av demokratisk makt). Deretter sette dei likskapsteikn mellom alle former for «suverenitet» og «sjåvinisme» (der ein ser alt det nasjonale som utmerkt, samtidig som ein foraktar alt utlandsk).
Denne traktaten vart vedtatt, og den forvandla eit system med samarbeid mellom statar (European Economic Community, EEC) til ein overnasjonal stat (European Union, EU), sjølv om det framleis ikkje var ein «europeisk nasjon».
Historia er omskriven, både for å jamstille nasjonalisme med krig og for å slette spora etter anti-russisk sjåvinistisk politikk. Frankrike og Tyskland danna ein binasjonal tv-kanal, Arte, med program som skulle presentere nazisme og sovjetisme som to totalitære regime produsert av same nasjonalisme. Tysk nasjonalisme vart forveksla med nazistisk rasisme (sjølv om denne er inkompatibel med den tyske nasjonale ideen som er basert på språk, og ikkje rase). Og spora av sovjetiske forsøk på å etablere ein anti-nazistisk allianse vart sletta. På denne måten vart betydninga av München-avtalen og Molotov/Ribbentrop-pakta endra.
Tretti år seinare har institusjonane som vart utforma for 6, og utvikla til 12, ustyrlege med 28 – slik USA hadde venta. EU hadde blitt ein økonomisk gigant, men det er framleis ingen europeisk nasjon. Europas folk har stort sett tapt sin demokratiske suverenitet, og statane deira har tapt sin nasjonale suverenitet, men der finst framleis ingen felles politisk ambisjon.
Du treng berre spørje ein soldat av kimen til den europeiske armé om han er klar for å «døy for Brussel» og observere mina hans for å skjøne omfanget av feilen: han er berre klar for å gi livet sitt for nasjonen sin, ikkje for Den europeiske unionen.
Myta som seier at «EU er fred» gjorde til at EU vann Nobels fredspris i 2012, men
– Gibraltar er framleis ein britisk koloni på spansk territorium;
– Nord-Irland, ein annan koloni på irsk territorium;
– og framfor alt, Nord-Kypros er framleis okkupert av den tyrkiske hæren.
Frankrike og Tyskland trudde feilaktig at historisk britisk partikularisme [hevding av smågruppers særinteresser, mrk.] med tida ville løyse seg opp i den overnasjonale staten. Men ein hadde gløymd at Storbritannia ikkje er nokon egalitær republikk, men eit parlamentarisk klasse-monarki.
På grunn av levningane etter sitt koloniale imperium i vest-Europa, har Storbritannia aldri kunna slå seg i hop med det franko/germanske overnasjonale statsprosjektet. Dei avviste heile pakkar av Maastricht-traktaten, inkludert den overnasjonale valutaen, euroen.Deira indre logikk dreiv dei til å styrke sin allianse med USA der dei deler kultur med nokre av elitane. Dei fann at for å bevare påverknadskrafta si i verda, var det betre å lite på Washingtons militære makt, heller enn på Brussel sin økonomiske styrke. Det er grunnen til at Bush-administrasjonen i 2000 vurderte å inkludere Storbritannia i NAFTA og organisere deira sorti frå EU [1].
Faktum er at det britiske parlamentet aldri har tatt noko val mellom dei to sidene av Atlanteren. Det var ikkje før folkerøystinga i 2016 at folket bestemte seg, då dei valde Brexit. Men ein eventuell britisk sorti frå EU har atter opna gamle sår. Oppretting av tollstasjonar på grensa mellom dei to Irlanda reiser spørsmål ved den irske fredsavtalen (kjent som "Good Friday Agreement", Langfredagsavtalen frå 1998) mellom Republikken Irland og Storbritannia. Men denne vart ikkje laga for å løyse problemet, men for å fryse det (ved å ty til det religiøse prinsippet consociatio (allianse, union)).
Det britiske politiske systemet er basert på bipolaritet. Det viser seg også fysisk på benkane i Underhuset (House of Commons, parlamentet), der representantane sit ansikt mot ansikt, og ikkje i halvsirkel. Brexit reiser to eksistensielle spørsmål: om dei framleis skal vere med i EU og om koloniseringa av Nord-Irland skal halde fram. Alle har dei siste tre åra sett at parlamentet ikkje har greidd å skaffe fleirtal for nokon av dei fire moglege alternativa. Denne situasjonen har verka seriøst inn på den britiske økonomien. I følge ein konfidensiell rapport frå Coalition blir ein stadig mindre del av kommisjonane, som bankane tener, tent i City of London, og stadig meir går til Wall Street. Britane sin dominans på det finansielle området har blitt stadig meir svekka sidan 2008, og er i ferd med å kollapse.
Det britiske politiske systemet er pragmatisk. Det har aldri blitt oppfatta som viktig for sin egen del og det har aldri blitt skrive. Det er resultatet av tusen år med konfrontasjonar og maktkampar. I følge grunnlovstradisjonen har monarken makt berre dersom nasjonen sin overlevnad står på spel. Av denne grunn har dronninga tatt avgjerda om å suspendere parlamentet for å la statsministeren løyse opp den blokkerte situasjonen. Vanlegvis har dronninga rett til å suspendere parlamentet berre av tekniske grunnar (eit val, til dømes) og særleg ikkje for å sette demokratiet til sides.
Det er svært interessant å observere kjenslene som er framprovoserte i Storbritannia etter dronninga si avgjerd. Alle som var imot Brexit skjøner at dei har brukt tre år på fruktlause diskusjonar og nådd demokratiet si grense. Einskilde, også på det europeiske kontinentet, oppdagar til si overrasking at ein føresetnad for demokrati er at innbyggarane er likeverdige, og at demokrati dermed er inkompatibelt med det som er att av klasse-monarki.
Denne mistydinga i seg sjølv stammar frå forminga av europeiske styresmakter etter Winston Churchills modell. Han hadde aldri sett seg føre sameine ulike demokrati eller å skape ein demokratisk overnasjonal stat, men å hindre framveksten av ei hegemonisk makt på det europeiske kontinentet. Det vil seie å stagge Tyskland og samstundes stå opp imot Sovjetunionen [2]. I motsetning til slagorda han handterte med briljans, var det ikkje for å vere ei motsetning til den kommunistiske modellen, men heller for å følge den same politikken som han hadde følgd under Andre verdskrig: å svekke dei to hovudmaktene på kontinentet, Tyskland og SSSR, som han frå juni 1941 til september 1943 lot kjempe mot kvarandre aleine, utan intervensjon frå den britiske armeen, inkludert koloniane.
Det er derfor ikkje overraskande at François Mitterrand, som med Winston Churchill ved si side deltok i grunnleggingskongressen i Haag i 1948, ikkje bekymra seg over det demokratiske underskottet i den overnasjonale staten som han såg føre seg saman med Helmut Kohl under oppløysinga av SSSR.
Boris Johnson er eit reint produkt av Eton College, sjølv om han delvis vart oppdratt i USA (i 1996 sa han ifrå seg US-amerikansk statsborgarskap for å stille til val i House of Commons). Han er ein disippel av dei to store figurane til det britiske imperiet. Først av Benjamin Disraeli, statsministeren til dronning Victoria. Han lånte konseptet hans om «Conservatism One Nation»: rikdom gir samfunnsansvar; eliten (overklassen) har plikt til å gi arbeid til dei fattige klassane slik at alle held seg på sin plass. Deretter av Winston Churchill, som han dediserte ei bok til [3].
Theresa May hadde vurdert tre ulike vegar etter kvarandre for å kompensere for ein EU-sorti: å bli børsmeklar for den kinesiske yuan’en i Vesten, å styrke «det spesielle forholdet» til Washington [4], og å gjenopplive Commonwealth (Global Britain). Boris Johnson, på si side, er i samklang med sine modellar der han fokuserer på «spesielle relasjonar» med USA og kasta seg i armane på president Donald Trump under G7-møtet, sjølv om han ikkje deler synspunkta hans, heller ikkje økonomi eller politikk. Det er også logisk at han har loge skamlaust om Russland i Skripal-saka og at han ikkje berre ønska at Storbritannia skulle trekke seg ut av EU til kva pris som helst, men også saboterte dette overnasjonale kontinentale eventyret.
Dersom Boris Johnson skulle halde fram som statsminister, vil den internasjonale "Perfide Albion»-politikken (albion, gml. navn på Storbritannia, perfid er falsk, troløs, red.) bestå av å rådgi Washington og å blåse opp konfliktar mellom Brussel og Moskva.
[1] The Impact on the U.S. Economy of Including the United Kingdom in a Free Trade Arrangement With the United States, Canada, and Mexico, United States International Trade Commission, 2000.
[2] “Fulton Speech on the ’Iron Curtain’”, “Winston Churchill speaking in Zurich on the United States of Europe”, by Winston Churchill, Voltaire Network, 5 March & 19 September 1946.
[3] The Churchill Factor: How One Man Made History, Boris Johnson, Riverhead Books (2014).
[4] “Theresa May addresses US Republican leaders”, by Theresa May, Voltaire Network, 27 January 2017.