No som dei er svekka i høve til sine russiske og kinesiske rivalar, har USA gått tilbake til sine gamle refleksar. Når det gjeld forholdet til andre nasjonar, har dei gitt opp den liberale internasjonale ordenen og tatt opp att eksepsjonalisme-doktrina. Ved å stille spørsmål ved sitt engasjement i Tryggingsrådet har dei nett bana veg for ein dekonstruksjon av folkeretten og ei nedlegging av FN. Denne utviklinga som sjokkerte landa i vest-Europa og slynga dei ut i forvirring, har vore venta av Russland og Kina, som har førebudd seg på den.
John Bolton, som var ambassadør i FN under president Bush Junior, og no er rådgivar for nasjonal tryggleik under president Trump, er motstandar av eitt bestemt aspekt ved FN. For han er det utelukka at nokon skulle kunne legge føringar på USA same kva for sak det skulle gjelde. Dei fem maktene som utgjer Tryggingsrådet i New York dannar eit globalt direktorat som definerer lover for nasjonar ... men USA kan dei ikkje røre i det heile.
Denne haldninga, "eksepsjonalisme", har Washington alltid hatt, sjølv om resten av verda enno ikkje har skjønt det [1]. Den har no dukka opp att i ein svært spesiell internasjonal kontekst, og vil ryste verda slik vi kjenner den no.
Denne US-amerikanske "eksepsjonalismen refererer til myten om "Pilgrimsfedrene" – ei gruppe puritanarar, forfølgde i England, der dei vart oppfatta som farlege fanatikarar, og som først søkte tilflukt i Holland, deretter i Amerika, dit dei kom med skipet Mayflower i 1620. Dei bygde der eit nytt samfunn, grunnlagt på gudsfrykt. Det var "den første demokratiske nasjonen", eit "Lys på åsen" med kall å opplyse verda. USA er derfor eit "døme" for andre, og har ein "misjon" som går ut på å konvertere verda til Guds vilje.
Sjølsagt er dei historiske realitetane svært forskjellige frå denne forteljinga, men det er ikkje dét vi snakkar om.
I to hundreår har alle presidentar av USA, utan unntak, referert til denne historiske falsifikasjonen. Av den grunn
– forhandlar dei, signerer og tar i bruk avtalar, alltid med reservasjonsrett som vilkår, så dei kan hindre at avtalane blir brukt mot dei sjølve;
– meiner dei at dei følger "Guds Vilje" medan fiendane deira nektar å gjere det, og difor kan dei fordømme dei strengare for same åtferd som dei let seg sjølve føre (dobbeltmoralen);
– avviser dei all internasjonal jurisdiksjon som skulle kunne røre ved deira interne forhold.
Denne haldninga fører til misforståingar, særleg ettersom europearane – trass i at dei ikkje prøver å forstå andre sine særeigenskapar – framleis er overtydde om at dei er opensinna. Dermed trudde dei at USA si avvising av Paris-avtalen om klima kan tilskrivast president Trumps påståtte opplysningsfiendtlege haldning. Men i røynda har dette vore Washington si haldning heile tida. Paris-avtalen av 2015 kom etter Kyoto-protokollen i 1997, som Washington også nekta å vere med på. Sjølv om dei hadde vore med på å skrive avtalen, avviste USA bestemt å ta den til seg, då det ville ha stilt visse åtferdskrav til innbyggarane deira å vere med på avtalen. President Clinton prøvde å forhandle seg til reservasjonar som FN avviste. Derfor signerte han protokollen og sende den til Senatet for ratifikasjon. Senatet – Republikanarar og Demokratar – avviste einstemmig, og gav dermed Clinton argumentet til å gjenopne forhandlingane. Det at dei nektar å godta noka rettsordning som innverkar på interne saker, betyr ikkje at USA avviser føremålet med Kyoto-protokollen og Paris-avtalen – å redusere atmosfærisk ureining – heller ikkje betyr det at dei har uvilje mot å jobbe for ulike føremål, men berre dei som påverkar deira eigne lover.
Uansett betyr eksepsjonalismen at USA er ein "nasjon som ikkje kan samanliknast med nokon annan". På heimefronten trur dei dei er eit døme på demokrati, men nektar å vere jamstilte med nokon annan. Desse andre kan difor ikkje under noko omstende halde dei for å vere demokratiske. Under Den kalde krigen valde Dei allierte med hensikt å ignorere denne kulturelle karakteristikken, medan fiendane deira ikkje beit seg merke i den i det heile. Frå Sovjetunionens undergang til Vestens nedgang, då verda var unipolar, vart dette særtrekket aldri nemnt. Men i dag bryt det ned systemet for kollektiv tryggleik.
La oss merke oss at to andre statar i verda har ein doktrine som liknar den US-amerikanske eksepsjonalismen – Israel og Saudi-Arabia.
Etter denne skildringa av konteksten, vil vi no sjå nærare på korleis suvereniteten til Golan-høgda har skaka opp kvepsebolet.
USA og Golan
Etter Seksdagarskrigen (1967) okkuperte Israel den syriske Golan-høgda. Tryggingsrådets resolusjon 242 som legg vekt på "det utillatelege i å tileigne seg territorier ved hjelp av krig" gav ordre om "tilbaketrekking av israelske væpna styrkar frå territorier okkuperte i den nylege konflikten" [2].
I 1981 bestemte Knesset einstemmig at dei skulle bryte denne resolusjonen og annektere Golan-høgda. Tryggingsrådet svarte med å gi ut resolusjon 497, som slo fast at "den israelske avgjerda om å påtvinge den okkuperte syriske Golan-høgda sine lover og sin jurisdiksjon og administrasjon, er ugyldig og utan internasjonal juridisk effekt" [3].
Gjennom 38 år kunne ikkje FN iverksette desse reservasjonane, men dei var og blei udiskutable, og hadde framleis støtte frå USA.
Den 26. mars 2019 anerkjende USA Israels suverenitet over den okkuperte Golan-høgda, altså tileigninga av territorier ved krig [4]. Med det kalla dei tilbake si 52-år gamle røyst om Golan i Tryggingsrådet, og også prinsippa i FN-erklæringa [5] som i 74 år hadde styrt utarbeidinga av internasjonal lov.
FN vil eksistere i mange år til, men frå denne augneblinken vil resolusjonane deira berre ha ein relativ verdi, sidan dei ikkje kan tvinge fram lydnaden til dei som har godtatt dei. Prosessen med dekonstruksjon av internasjonal lov har starta. Vi går inn i ein periode styrt av dei sterkastes overlevnad, slik tilhøva var før Første verdskrig og danninga av Folkeforbundet.
Vi visste allereie at eit løfte gitt av USA berre har relativ verdi, sjølv i Tryggingsrådet – heilt sidan dei glatte løgnene til utanriksminister Colin Powell den 11. februar 2003, om det påståtte ansvaret til Irak i 9/11-åtaka, og masseøydeleggingsvåpna Irak skal ha hatt som trua Vesten. Men dette er første gong USA har gått tilbake på stemma si i Tryggingsrådet.
Washington forsvarte avgjerda si med at den var basert på ein realitetspraksis – Golan hadde vore okkupert av Israel sidan 1967, og sidan 1981 hadde området vore administrert av Israel som om det var Israels eige territorium. I følge Washington, takka vere doktrina om US-amerikansk eksepsjonalisme, må denne realiteten som ein gudfryktig alliert har sett i verk ha presedens over internasjonal lov.
Så observerte Washington at å gi Golan tilbake til Syria ville sende feil signal, sidan Syria, i deira auge, ikkje er anna enn ein gjeng kriminelle. Men det ville vere rettvist å tilfredsstille den utmerkte israelske allierte. Og som alltid, i følge læra om eksepsjonalisme, har USA, denne "Nasjonen som ingen like har", både denne retten og misjonen.
Etter å ha dominert verda gir no det svekka USA opp FN. For å halde på sin dominante posisjon, trekk dei seg tilbake til ein del av verda dei framleis kontrollerer. Til no har Russland og Kina sett på dei som eit blodtørstig, men døyande dyr, som vi velvillig må eskortere til sin død, og sikre at det ikkje framprovoserer ei katastrofe på vegen dit, som Sergej Lavrov uttrykte det. Men USA stoppa nedgangen ved å velje Donald Trump, som etter å ha mista majoriteten i Representanthuset allierte seg med djupstaten i USA (som framgår av utnemninga av Elliott Abrams [6] og tilbaketrekkinga av skuldingane om samspel med fienden lagt fram av anklagaren Robert Mueller [7]) for å kunne bli ved makta.
Faktisk er vi ikkje på veg mot ei danning av ein tredje internasjonal institusjon, etter Folkeforbundet og FN, men mot ei oppdeling av verda i to soner organiserte i svært ulike rettsmodellar – éin under US-amerikansk dominans, og den andre danna av suverene statar rundt den "Utvida Eurasia-partnarskapen". Til forskjell frå Den kalde krigen, då det var vanskeleg å krysse grensene mellom aust og vest i begge retningar, men dei to blokkene likevel aksepterte det eine rettssystemet til FN, bør det nye systemet la det føregå reising og handel mellom regionane, men vil måtte vere organiserte kring to ulike rettsmodellar.
Dette var nøyaktig den post-vestlege verda som den russiske utanriksministeren, Sergej Lavrov, talte om den 28. september 2018 for generalforsamlinga i FN [8].
La oss merke oss at sjølv om Israel feira USA si anerkjenning av suvereniteten deira over Golan som ein siger, så fordømde Saudi-Arabia det, etter refleksjon. Dette standpunktet stemmer ikkje overeins med den saudi-arabiske doktrina, men med tanke på at heile den arabiske verda er imot denne territoriale erobringa, valde Riyadh å gå med folket sitt i denne saka. Av same grunn vil dei også bli nøydde til å avvise "hundreårets avtale" om Palestina.
Har USA endra seg?
Pressa tør ikkje spå, slik vi nett har gjort, om enden på FN og oppdelinga av verda i to skilde juridiske soner. Sidan dei ikkje skjøner det som skjer, klamrar dei seg til mantraet sitt: populisten Donald Trump har til hensikt å endre USA og øydelegge den liberale internasjonale ordenen.
Dette er å gløyme historia. Den US-amerikanske presidenten Woodrow Wilson var ein av hovudarkitektane bak Folkeforbundet etter Første verdskrig. Men grunnlagt som det var på likeverd mellom statane, i samsvar med ideane til dei franske statsmennene Aristide Briand og Leon Bourgeois, krasja det direkte med US-amerikansk eksepsjonalisme. Dette er grunnen til at USA aldri vart medlem.
FN derimot, som president Roosevelt var ein av arkitektane bak, kombinerte ei demokratisk samling av statar med eit verdsdirektorat, Tryggingsrådet, inspirert av styringssystemet til Wien-kongressen (1815). Det vart derfor mogleg for USA å delta, noko dei også gjorde.
Då dei kan ikkje lenger kan utøve makt over verken Russland eller Kina, og dei heller ikkje lenger har nokon grunn for å inngå kompromiss med dei, så trekk no USA seg ut av FN.
Det er grotesk for desse vestmaktene, som har nytt godt av fordelane ved dette systemet i 74 år, å sutre og klage over sin sorti. Ein burde heller spørje seg korleis ein kunne konstruere eit slikt vaklevore bygg – Folkeforbundet institusjonaliserte likestilling mellom statar, men avviste likestilling mellom folka, medan FN prøvde å få gjennomslag for ein universell moral, men ignorerte universalismen i menneskeslekta.
[1] Essay-samling etter symposium organisert av Carr-senteret for menneskerettspolitikk : American Exceptionalism and Human Rights, redaktør Michael Ignatieff, Princeton University Press (2005).
[2] “UN Security Council Resolution 242”, Voltaire Network, 22 November 1967.
[3] « Résolution 497 du Conseil de sécurité », Réseau Voltaire, 17 décembre 1981.
[4] “US Proclamation on Recognizing the Golan Heights as Part of the State of Israel”, by Donald Trump, Voltaire Network, 26 March 2019.
[5] “Charter of the United Nations”, Voltaire Network, 26 June 1945.
[6] Elliott Abrams er ein av grunnleggarane av den neo-konservative rørsla. Dette gjer han til ein motstandar av Donald Trump sitt prosjekt, sjølv om presidenten tok imot han i eit langt møte ved starten av sitt mandat. Framfor alt var Abrams ein av representantane for djupstaten som handsama Iran-Contras-saka. Utnemninga av han til å ha ansvaret for Venezuela-dossieret bør tolkast som eit teikn på ein avtale mellom president Trump og djupstaten om å vende merksemda mot Det karibiske basseng, i samsvar med militærstrategien til Rumsfeld/Cebrowski.
[7] Robert Mueller var sjef for FBI. I den stillinga fann han på fabelen om 19 flygande piratar som skal ha vore ansvarlege for angrepa den 11. september 2001. La oss minnast at lista over passasjerar som borda flya, publisert av United Airlines og American Airlines straks etter krasjet, ikkje inneheld nokre av namna annonsert av Mueller: «Listes des passagers et membres d’équipage des quatre avions détournés le 11 septembre 2001», Réseau Voltaire, 12. september 2001. Sidan desse individa ikkje var om bord på flya, kunne dei heller ikkje ha kapra dei, og Robert Mueller skjulte konsekvent identitetane på dei verkeleg skuldige. 9/11: The Big Lie, Thierry Meyssan, Editions Carnot, 2002.
[8] “Remarks by Sergey Lavrov to the 73rd Session of the United Nations General Assembly”, by Sergey Lavrov, Voltaire Network, 28 September 2018. “UNO : birth of the post-Western world”, by Thierry Meyssan, Translation Pete Kimberley, Voltaire Network, 2 October 2018.